Vindetreet 2011
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Vindetreet for 2011 er nå lagt ut for sal i bokhandlar og ein del butikkar og bankar i distriktet.
Dette er den 20. utgåva av sogeskriftet, og dette blir markert med ei stor jubileumsutgåve på heile 120 sider. Ein har også prøvd å friske opp layout og biletbruk i skriftet. Det er i år mange gode artiklar frå Imsland.
Framsida er pryda av eit bilete av Imslandkyrkja, og Tomas Finnvik har skrive ein artikkel om kyrkja i høve 150-års jubileet.
Ein har hatt ein serie kor ein har fått folk til å skrive om bygda si, og i år er det Imsland sin tur. Ellen Mo Marvik og Olav Marvik har skrive artikkelen "Kva er Imsland".
Vidare har Oddvar Haugland skrive ein artikkel om sin tidlegare nabo Sven Hustveit.
Gerd Borgny Skipevåg Hanken har skrive om tida ho gjekk på skulen på Hyttebø.
Ingebrigt Bjelland har skive om si musikalske utvikling frå barndommen i Imsland til han gav ut samlinga
"Folkeleg musikk i Rogaland".
I artikkelen "Karduanbereder Salqvist" har underteikna skrive litt om kva som dukka opp då eg ville undersøkja kvifor bestemor mi Gemelia Hustveit vart døypt med mellomnavna "Schrøder Salkvist".
Vidare skriv Tomas Finnvik om "rotne revar" i kommunestyret i Imsland.
Hovudartikkelen i år er nok "Skulestriden i Skjold". Bygda vart landskjend i 1953, då ein del av bygda bygde ein ekstra etasje på den nye skulen, medan andre med ordførar i spissen reiv han ned.
Beret Guldberg har også ein interessant artikkel om endringane som har skjedd i Vikedal frå ho først kom der på 1970 talet til no.
Komplett artikkeloversikt finn du og på nettsida www.vindetreet.com.
Kjøp bladet! Her er mange timar med godt lesestoff!
Sykkelbane ved skulen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland Grendautval har leigt VMA for å oppdatera sykkelbana, det er Morten Skeie som har laga den og ungane er kjempefornøyde:D
Kyrkjejubileet og det nye Soknerådet
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Gåver til kyrkjejubilet.
I samband med kyrkjejubileet vart det sendt ut brev til alle husstandar i bygda og til lokale bedrifter og lag med spørsmål om å gi penger til kykjejubileet. I alt kom det her inn kr 130.650,-
Frå 25 private gjevarar kom der inn i alt kr 39.150,-.
Frå laga i bygda fekk me støtte frå:
Imsland bondelag med kr. 40.000,-
Imsland bygdkvinnelag med kr 10.000,-
Imsland bygdeliste med kr 9.000,-
Vindetreet med kr 5.000,-
Desse bedriftene støtta oss med gåver:
Halleraker Rør
Ide totaltrykk, Ølen
Spareland Sauda
Ølen Bok og Papir
SR-bank
Haugesund Sparebank
Imsland Handelslag
Me vil takka alle for gåvene som sette oss i stand til å gi ut jubileumsbok og gjennomføra jubileet på ein fin og verdig måte.
4H arrangerte festkveld
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fredag 23.oktober laga Hauk 4H festkveld på bygdahuset. Den årlege haustfesten, der medlemane stiller ut arbeidet sitt, lagar underhaldning og serverer mat, samlar små og store til ein triveleg kosekveld. Haustfesten markerer at eit 4H-år er slutt, og medlemane mottek synlege bevis på at dei har fullført prosjekta sine. Gratulerer til Bjørn Tore Sele Kaldheim som har fullført heile 4H-løpet og som mottok plaketten dette året!
I forbindelse med jubileet til Imsland kyrkje hadde me på Imsland skule ei temaveke om kyrkja.
- Detaljar
- Skriven av Imsland Skule
Me hadde besøk av Tomas Finnvik på skulen. Han fortalde frå kyrkja og kyrkjelivet. Elevane syntest det var interessant å høyra korleis det var før i tida.
Elevane laga veggavis fra det dei lærte av Tomas, og frå det som stod i den flotte jubileumsboka om kyrkja.
Ein av dagane hadde me kyrkjevandring nede i kyrkja.Sokneprest Harald Eintveit var med og fortalde og synte oss rundt. Elevane laga flotte sakteikningar frå kyrkja, dei laga kolstiftteikningar, og nokre av elevane måla Gud. Alt dette blei stilt ut på Bygdahuset på jubileumsfesten.
Me byrja tidleg i haust å samla tomme melkekartongar. Me ville bruka dei til å laga ein modell av kyrkja. Den blei ikkje ferdig til jubileet, men nå står kyrkja utstilt i Imsland kyrkje. Ingrid Marie Dale hadde ansvar for dette prosjektet.
Havre er sunt!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bygdekvinnelaget har vore i barnehagen og servert mat av havre til ungane. - Me hadde med oss havreboller, havrevafler og havresuppa som fall i god smak, seier leiaren i bygdekvinnelaget Marit Svandal.
Lærte å lesa fortare med data
- Detaljar
- Skriven av Bente
Elevane i Imsland har vore med i eit forsøk om alternativ opplæring i lesing. Forsøket var så vellukka at alle skulane i Vindafjord kommune frå denne hausten er med på prosjektet. Les meir på www.pirion.no
(Skjermdump: www.pirion.no)
Handelslaget fyller nitti
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland Handelslag har blitt Coop Marked Imsland, men er framleis ein sjølvstendig butikk.
1. september 1921 kunne handelsstyraren, Henrik Nygaard, stilla seg bak disken i den vesle krambua på Kvaløyberget og ta imot dei første kundane.
Før ein kom så langt hadde det vore mykje førebuingsarbeid. Plasseringa var ei viktig sak, og Kvaløy låg ikkje særleg lagleg til, anna enn for kvaløybuane og dei som for sjøvegen. Folket i Ølmedalskrinsen var vane å handla ved Imslandsjøen, og såg helst at laget heldt til der. Her var det og kai og båtsamband, telefon og post.
Handelslaget fekk og tilbod om å kjøpa forretninga til K B Askvik ved Imslandsjøen. Handelslaget baud 35000 kroner, men tapte i konkurransen. Så vart det gjort endeleg vedtak om å starta i Kvaløy. 28 medlemer var det i laget, kvar av dei hadde betalt 30 kroner i innmeldingspengar og dessutan garantert for eit lån på 300 kroner.