Kjølig midtsommarfest
- Detaljar
- Skriven av Bente
Lyst på kanotur?
- Detaljar
- Skriven av Bente
St. Hans-feiring
- Detaljar
- Skriven av Bente
Hauk 4H arrangerer midtsommarfest i Grillkroken ved Imsland skule på St.Hans-afta, torsdag 23. juni frå klokka 19.00 og utover.
Sal av kaker, lappar og kaffi, samt brus, chips, sjokolade med meir.
Me fyrer i grill og bålpanne så ta med grillmat sjølv;-)
Mange kjekke aktiviteter for små og store, feks volleyballturnering, rebus, lynlotteri - og så er det flotte premiar!! - og sjølvsagt blir det bål.
Fastbuande, forbipasserande, turistar, campinggjester, gamle og unge; De er alle hjerteleg velkomne til midtsommarfest frå klokka 19.00 og utover.
Helsing Hauk 4H
Sprekingar samla i Imsland
- Detaljar
- Skriven av bente
I dag vart "Ølmedal rundt" arrangert for 31. gong. Vindafjord IL, med Lars Olav Larsen i spissen, står bak arrangementet, og som vanleg gjekk alt knirkefritt og i eit flott sommarvær.
Det var omlag 1100 deltakarar totalt, og folk kosa seg ved bygdahuset, og handla på grillmat, rømmegraut, kaffi og kaker medan drøsen gjekk friskt.
Nytt av året var barneløp for ungar under 12 år. Løpet samla 100 deltakarar, som alle vart premierte med flotte medaljar.
På biletet til venstre her ser me to av deltakarane som nyleg har motteke medalje frå Petter Northug. Dei to spreke jentene heiter Norma Kristine Imsland og Elena Langeland.
Velkommen til Imsland!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Måndag 12. juni går Ølmedal Rundt av stabelen for 31. gong. Vindafjord Idrettslag og bygda Imsland ynskjer alle hjarteleg velkomne! Det er stor stas at VM-kongen Petter Northug kjem til oss - og nokre har førebudd seg ekstra for å ynskja Northugen velkommen:
Kanskje tek han seg tid til å stikka oppom?
Sprekingar
- Detaljar
- Skriven av Bente
På Imsland skule har det dei siste 10 vekene vore fokus på fysisk aktivitet. Elevane har trena tre gonger i veka, og er no mykje sprekare enn før. Kanskje nokon av dei har tenkt å stilla i Ølmedal Rundt på måndag?
Du kan lesa om sprekingane her, i Grannar sin artikkel.
ØLMEDAL RUNDT 2011, 2. pinsedag 13.juni
Løpet vert i år arrangert i nåverande utgåve for 24. gong. JA PETTER NORDTHUG KJEM
Start for sjølve løpet er kl 14.00
Det er eigen klasse for gåarar/trimmarar og desse kan starta frå kl. 11.00.
Dette året blir det også et eige barneløp for dei som er 11 år og yngre, dvs. fødde år 2000 og seinare. Start for dette løpet er kl 12.00, og distansen er om lag 600 meter.Påmelding til løpet kan sendast Vindafjord IL, v/Lars Olav Larsen 5585 Sandeid.
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
På grunn av at løpet har stor deltaking, ber vi om at påmelding på løpsdagen skjer innan 1,5 time før start.
Les innbydelsen HER
Gøy på landet!
- Detaljar
- Skriven av Bente
I morgon kjem ei busslast med bydamer til Vikedal for å treffa lokale ungkarar. To av ungkarane er frå Vikedal, og den tredje er Imslandsbu.
"Gøy på landet" vert arrangert av TV Norge, Monster Entertainment og Vikedal Utvikling. TV-serien skal sendast til hausten.
I morgon, fredag 27.mai klokka 09.30, kjem bussen med bydamene og stoppar ved kommunehuset. Då startar filminga og ungkarane får møta damene for første gong.
Alle er velkomne til å delta - og Vikedal Utvikling oppfordar bygdefolk til å møta opp og laga skikkeleg folkeliv i bygda. Programmet for dagane filmteamet er i området finn du her: http://www.vikedal.no/wp/
Imsland.info ynskjer ungkarane lukke til - og spesielt vår eigen lokale helt!
PS1: Redaksjonen er interesserte i bilete frå hendinga: e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
PS2: Det er framleis hemmeleg kven deltakarne er, men eit stalltips er at ungkaren frå Imsland har denne utsikta frå stoveglaset sitt: