Planteliv i Vindafjord
- Detaljar
- Skriven av Bente
Planteliv i Vindafjord er tittelen på ei bok som kom ut like før jul. Forfattarane er ølensbuane Lars Dalen og Torstein Haugen. Boka er på 200 sider og i stort format, så det er ei heilt utruleg mengd opplysningar og ikkje minst fine fotografi som er samla i denne boka. Over 900 ulike plantar har dei funne og registrert. Dette er mest tredjeparten av alle karplantar som er kjende frå heile landet. Dei fleste er villplanter, men også ein del ”hageflyktningar” dei kallar, altså hageplantar som har spreidd seg og nå oppfører seg som villplantar.
UTEOMRÅDE VED SKULEN OG NÆROMRÅDE
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det er fleire som sitt med idear om kva dette område kan brukast til. Me har eit ønske om å prøva å samlast i lag for å planlegge uteområde.
Er det nokon som sitt med idear eller har eit ønske om å vare med, vennligst ta kontakt med Willy Skulerud på tlf 52 76 13 15. eller kontakt Elisabeth Staurland via mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Koseleg kanefart i flott vintervær
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fire hesteførarar møtte til kanefart på søndag: Tjerand og Ola frå Vikedal, Jostein Veim fra Tysvær og Anita Øvregård frå Imsland.
Jarle stiller til start i NM
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vindafjord IL stiller i år eige stafettlag i NM på ski. Laget består av Thomas Vestbø som startar, Gerhard Steinnes og Jarle Nordtveit Åsheim utgjer resten av laget.
Løpet går av stabelen søndag 29. januar, med start 13.45
Lykke til Jarle og VIL!
Snøen er for alle!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Eit av slagorda til Sauda skisenter er at "Snøen er for alle!", eit motto 4H-arane gjerne stiller seg bak . Laurdag 28. januar var det skidag i Hauk 4H, og medlemane kunne velje om dei ville reise til Svandal og køyre slalom, eller skitur på Fjellstøl. Her ser du bilete av alpingjengen:
Kanefart, Ølmedal rundt
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 29. januar skal det vere kanefart rundt Ølmedalsvatnet. Start ved bygdahuset ca klokka 12.00.
Møt opp så er du kanskje heldig og får sitje på i ein av sledane? Eller du kan gå på ski! Arrangørane har avtalt med brøytemannskapet at vegen ikkje skal brøytast i full bredde på søndag.
Bilistar vert oppfordra til å køyre forsiktig og ta hensyn til følgjet. Eller aller helst: å la bilen stå i tidsrommet mellom klokka 12.00 - 14.00
Arrangørane oppfordrar alle som har hest og slede til å delta!
Arrangør: Sauda og omland dølahestlag
PS: Værforbehold! For å gjennomføre arrangementet er ein avhengig av meir snø.
Kontaktperson: Anita Øvregård, 97 11 81 77
Skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i 4H.
- Detaljar
- Skriven av Bodil og Edvind
Laurdag 28.januar blir det skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i Hauk 4H. Juniorane får også tilbod om å reisa til Svandal denne dagen, så her er det berre å velge og vrake:-)
Me møtest på bygdahuset klokka 11.30 og kjører samla til Fjellstøl. Bodil og Edvind blir med som "reiseleiarar", men me håpar mange foreldre og sysken blir med slik at me får ein koseleg familiedag i snøen.
Me går ein runde i lysløypa (ikkje langt!) før me rastar utanfor eller inni varmestova (alt etter ver og temperatur).
Etterpå kan dei som vil kosa seg i skiløypene.
Ta med ski, niste, varm drikke og godt humør. Kle deg godt!
Gi beskjed til Bodil (99025829) innan torsdag om du blir med, slik at me kan ordna skyss til alle. Me treng nok fleire sjåførar, så det er flott om fleire foreldre (og sysken) hiv seg med!
Bli med då vel, me tek ut så sant det er snø å gå på;-) Helsing Bodil (mobil 99025829) og Edvind.
JARLE PÅ PALLEN I KM
- Detaljar
- Skriven av Bente
Jarle Nordtveit Åsheim fekk 2 tredjeplassar i kretsmeisterskapen på ski sist helg i Sirdal. Ragnhild Aarekol (11år) imponerte og med to 2. plassar.
I alt deltok 9 stk frå Vindafjord IL i meisterskapen som gjekk av stabelen på Feed Skiarena på Tonstad. Flott innsats!!!!