Trimturar frå Bygdekvinnelaget
- Detaljar
- Skriven av Bente
Tursesongen er i gang og Bygdekvinnelaget har også dette året lagt ut "Nutaturar" for oss. God tur ut!
17.mai-korpset
- Detaljar
- Skriven av Bente
I veka som kjem vert det korpsøving tysdag 8.mai og torsdag 10. mai. Klokka 19.00 begge kveldar.
Konfirmantar i Imsland
- Detaljar
- Skriven av Bente
Her er årets konfirmantar i Imsland. Ein flotte gjeng, ikkje sant?
Sermonien vert halden i Imsland kyrkje søndag 29. april klokka 11.00. Gratulerar med dagen!
4H FYLKESLEIR
- Detaljar
- Skriven av Bente
22. - 25. juni skal det vera fylkesleir i Rogaland 4-H i Julebygda.
Det er for alle frå og med 12 år.
Nytt i år er at på laurdagen skal det vera mange ulike kjekke kurs ein kan melde seg på. Ser veldig kjekt ut!
For nærare info kan ein gå inn på 4-H.norge/rogaland.no Der står fullt program.
Alle klubbar må ha ein vaksen pr 10 deltakerar, påmeldingfrist er 4. mai.
Ein melder seg på via nettsidene til 4-H.
Me vil gjerne ha tilbakemelding om kven som melder seg på, og om nokon vaksne har mulighet til å vera med. Meld til Anne Gro (97147773)
Himmelsk buffet på Fjørsilkebris
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bli med bygdekvinnelaget på vårtur til FjørSilkeBris , ein koseleg kafe i Tysvær med eigen ekslusiv butikk; Hjerterom.
Her kan du finne den perfekte gåva, eller kanskje noko til deg sjølv som du ikkje visste at du trengde.
I tillegg har dei no kunstutstilling av Anne-Grete Øygarden.
Himmelsk buffe inneheld ulike smårettar - og blir servert med varme smil og med tende lys og levande blomar på bordet.
Det bli tid til å rusle rundt og sjå både i butikk og på utstilling før me set oss til bords.
Kor tid: Torsdag 26. april
Oppmøte: ved bygdahuset klokka 17.00 så køyrer me i lag i privatbilar.
Maten vert servert klokka 19.00
Påmelding: På grunn av matserveringa må du melde deg på. Fristen er 20. april.
Pris: Medlemmer kr 250,- / Ikkje medlemmer kr 350,-
Påmelding til Olaug tlf 90978591 eller til Torild tlf 97042213
Alle er velkomne til å bli med på felles hyggestund på FjørSilkeBris!
Imsland bondelag har laga påskelunsj i barnehagen
- Detaljar
Anita hadde med seg egg, og laga innbakt egg og bondeomelett til store og små!!
Bading og pizza for 4H-medlemer!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Tysdag 20.mars arrangerer Hauk 4H tur til Saudahallen med pizza og brus etterpå for alle medlemene!
Avgong frå Imsland bygdahus kl. 16.30 (me satsar på privatbilar), retur frå Sauda omlag klokka 21.00.
Pris: Medlemene betalar sjølv for bading. Hauk 4H spanderar pizza og drikke.
Påmelding: innan fredag 16.mars til Anne Gro (mobil 97147773)
Alle medlemene kan delta!
Bli med då vel, dette blir kjekt!
Karneval
- Detaljar
- Skriven av Styret i 4H ved sekretær: Lena H. Rønnevik
Me hadde Karneval på Bygdahuset på tysdag, 14.2-2012. Det var kjempe kjekt!
Me hadde litt snacks, pølsa i brød, brus og chips.
Alle hadde kledd seg ut, og når alle hadde kledd seg ut så måtte me jo sjølvsagt ha kåring av beste kostyme.
Fyrsteplass: John Ståle
Andre plass: Oskar
Tredjeplass: Mathias
Men alle hadde gode kostyme.
Dei kunne og bli med på limbo, stolleken og dansekonkuranse.
Kvart på åtte gjekk straumen, men det var kjekkt alika vel.
Her komme det nokon bilder:
Helsing styret i 4H.