Roots-frukost
- Detaljar
- Skriven av Bente
Rootsfestivalen startar i dag, torsdag 12. juli, og Imslandsbuen er også i år klar til å servere frukost til festivalgjestene. Er dette eit fristande tilbod til deg og - sjølv om du kanskje ikkje deltek på festivalen?
Pris: 100,- for vaksne og 50,- for born. Då kan du ete kor mykje du vil!
Opningstider: Fredag, laurdag og søndag frå 9 - 12
Kor: Båthamna i Vikedal
Betaling: Kontantar eller cashless
Gubbetreff i Rønnevik
- Detaljar
- Skriven av Tomas Finnvik
Datoen var 6. juli, veret var storveges og treffet makelaust vellukka.
Det var Jon Rønnevik som hadde ideen, og som saman med brør og foreldre fekk treffet i stand.
Ei av årsakene til at det vart halde nå, var at Leiv Rønnevik rundar år i alle næraste framtid. Ein heldt til i den nye storstova til Lars Berge.
Treffet var slett ikkje for kven som helst. Forutan å vera mann, måtte du ha runda dei sytti, og gått på skulen på Hyttebøen.
14 mann vart me kring langbordet, og stemninga var god og drøset høglydt. Ein hadde meir enn rikeleg å mimra rundt. Gamle bilete frå skulen, var også eit godt utgangspunkt for mange grundige samtalar. ”Kin kan de vara?”
Serveringa var i god og gamal tradisjon: Rømmegraut og spekemat, dravle, lefse og lappar, og til slutt fløytekake.
Som siste post på programmet synte Lars B Skipevåg gamle bilete frå Vindastrånnå, då var klokka blitt elleve. Ein hadde halde det gåande i seks stive timar, og framleis var mykje udrøst.
Klikk på bileta for full storleik.
Imsland Open Frisbeegolf
- Detaljar
- Skriven av Bente
17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype
Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.
Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.
Imsland Open Frisbeegolf
- Detaljar
- Skriven av Bente
17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype
Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.
Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.
Eventyrstien
- Detaljar
- Skriven av Bente
No kan du gå Eventyrstien i Ølmedal og sjå korleis skule-elevane nytta dei siste formingstimane før sommarferien
Rasteplassen er rusta opp
- Detaljar
- Skriven av Bente
Grendautvalet har sendt bilete frå rasteplassen på Ørevikvegen. Lars Staurland har gjort jobben med å fikse rekkverket. Grendautvalet seier at Lars alltid er positiv når dei ber om hjelp, noko dei set svært stor pris på!
Med SMIL-midlar frå kommune/ fylkesmann er det og rydda og utført hogstarbeid ved rasteplassen, slik at utsikten over fjorden no er betre
FISKEKONKURRANSE I KVALØY LAURDAG 23. JUNI
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Påmelding på kaien i Kvaløy kl. 11.00-12.00,
fiske frå Kl. 12.00-14.00. KR. 30,- PR PERSON
PREMIERING.
SALG AV VAFLER OG KAFFE
LYNLOTTERI
LANGÅPENT PÅ COOP
TA MED BÅTEN OG KOM TIL KVALØY !
Imsland Open - Frisbeegolf
- Detaljar
- Skriven av Bente
Førstkommande søndag, 24. juni, vert frisbeegolfturneringa Imsland Open arrangert for andre året på rad. Det føregår i Krutle, og turgåarar må vera litt oppmerksomme når dei ferdast i området på søndag.
Turneringa startar klokka 11.00 og er open for alle. Det er ei krevande løype og du bør ha på deg godt skotøy, seier arrangørane. Morten kan låne ut frisbee til dei som vil delta.
Spørsmål og påmelding til Morten Svandal: 952 07 657 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan laurdag klokka 16.00.