Søndag 29. januar skal det vere kanefart rundt Ølmedalsvatnet. Start ved bygdahuset ca klokka 12.00.
Møt opp så er du kanskje heldig og får sitje på i ein av sledane? Eller du kan gå på ski! Arrangørane har avtalt med brøytemannskapet at vegen ikkje skal brøytast i full bredde på søndag.
Bilistar vert oppfordra til å køyre forsiktig og ta hensyn til følgjet. Eller aller helst: å la bilen stå i tidsrommet mellom klokka 12.00 - 14.00
Arrangørane oppfordrar alle som har hest og slede til å delta!
Arrangør: Sauda og omland dølahestlag
PS: Værforbehold! For å gjennomføre arrangementet er ein avhengig av meir snø.
Kontaktperson: Anita Øvregård, 97 11 81 77