Elvesafari i Hustveitelva
- Detaljar
- Skriven av Merete Imsland Birkeland
Fredag 18.august var Bjørn Mo, Hilde Bjelland Abelseth, Linda Skaar og 5.-7.klasse frå Imsland skule på elvesafari i Hustveitelva. Før me begynte å gå i elva så måtte me kjøre litt, og så gjekk me litt på ein traktorveg.
Då me starta å vassa nedi vatnet, var det litt kaldt, men etter kvart blei det varmare. Me gjekk nemleg med sko og klede rett uti elva. Det er jo ikkje heilt vanleg når me skal på tur!!Wille syntest ikkje det var kaldt fordi han dykka mest med ein gang han kom uti. Då me hadde gått eit stykke på flaten, begynte det å bli fleire store , og me måtte klatra. Det var glatt så me måtte passa på kor me sette foten. Då me var halvvegs, tok me oss ein pause og nokre av oss sumde i vatnet.
Torbjørn Mo vann fotokamera!
- Detaljar
- Skriven av Lasse
I fjor deltok 6.klasse ved Imsland Skule i ein fotokonkurranse som Rogaland Skogsselskap arrangerte.
Dei tok bilete med tema "Tre om tre", og etterpå skulle dei skriva ein tekst til bileta.
Torbjørn Mo frå Imsland blei fylkesvinnar, og torsdag fekk skulen besøk av 2 frå Skogselskapet som delte ut ei flott vinnargåve,- eit Canon EOS 1100 D, minne kort, bag og fotostativ.
Dette var ein flott og nyttig premie som heile skulen får glede av! Flott, Torbjørn!!
Hovudmålet med konkurransen var å motivera barn og unge til å bruka skogen og til å forstå skog og natur. Etter premieutdelingen var representantane frå Skogselskapet i Rogaland med på
synfaring i den nye, flotte lavvoen, og dei syntest det var kjempeflott der oppe på lavvoområdet!
Du kan lese om dette på H-avis og
Lyst å prøva painball?
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det er fleire som har paint-ball i 4h-oppåve i år, og Cruys har no lyst å samle ein gjeng og reise til Frønsdal aktivitetsgard for å spele i skogsløypene der.
Aktuelle datoar er 1. eller 8. september, alt etter kva dag som passar best.
Det er plass til grupper frå 6 til 14 personar frå 12 år og oppover. Gruppa vert delt inn i 2 lag.
Alle kan bli med, og det er ikkje nødvendig med førehandskunnskap, då alle vil få opplæring. Kyndig personell frå aktivtetsgarden skal vera med under heile kampen. Kampen kan vare opp til 3 timar. Deltakarane fårvutlevert alt nødvendig utstyr, men det er og høve til å bruka sitt eige. (men prisen er den samme).
Pris: 400,- for våpen, fargekuler og instruktør. 50,- for eingongsdress.
Håpar mange hiver seg rundt, og er med på ein real pantball krig i dei
djupe skogane på Frønsdal!
Påmelding til 97 14 77 73 innan 30. august.
Skriv opp kva dato som passar best for deg.
Venterommet på Ropeid
- Detaljar
- Skriven av Bente
Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet. Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme.
Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom med ei framsyning som utforskar omgrepet tid og det å vente. Bli med i eit spanande venteunivers og opplev musikk, dans, teater og installasjon.
Informasjon om tidspunkt, kjøp av billettar mm: suldal.kulturhus.no
Tomas Finnvik fekk Kongens fortenestemedalje i sølv og audiens hjå Kongen!!
- Detaljar
- Skriven av Lasse
11. august feira Tomas Finnvik 75-års dag med ope hus heime på Hyttebøen.
Ordførar Ole Johan Vierdal kom og overrekte denne gjeve utmerkinga.
Han snakka om alt det friviljuge arbeidet Tomas har gjort opp gjennom åra.
Han nemnde blant anna Vindafjordingen, Vindetreet, sogelags- og anna historiearbeid, kyrkjeleg arbeid,
bygdabøkene, politikk og kåseri med meir.
Alle som var til stades applauderte, og tykte dette var vel fortent!
Tomas kunne fortelja at han hadde ei slik medalje i huset frå før, denne var det far til Tomas som hadde gjort seg fortent til.
Mange gjester kom for å gratulera, og desse fekk flott og kjempegod bevertning.
Det starta med heimelage smørgraut, og så fortsette det med smørbrød, lefser, pannekaker, vafler og mange flotte kaker.
Kjøkkensjefen var frå Finnvik, og ho hadde nådd pensjonsalderen for ei god tid sidan... Ho hadde god kontroll på kjøkkenet, og dette er ikkje dårleg når ein er 90 år og vel så det!
Fleire av gjestene tok ordet, og det var mange gode og fine ord å høyra. Musikk frå "bedehusauså" (= banjoen) til Andreas Rosså vart det og!
Det vart ein fin og minnerik dag for både jubilanten og gjestene, og eg er glad for å ha vore med på feiringa!
Til deg Tomas: Gratulera med dagen, medalja og audiensen!! God tur til Oslo!
Lukke til med ulike prosjekt og oppdrag i tida framover!
Klikk på bileta for full storleik.
Motbakkeløpet "Hestanipen Opp 509" 2012
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Løpet blei arrangert fredag 20. juli. 210 personar deltok.
128 i mosjonsklassen og 82 i konkurranseklassen.
Vinnaren av herreklassen, Thomas Vestbø sette ny rekord med tida 21.39. I dameklassen blei det og ny rekord av Maryna Novik på 26.55.
Les Heile Resultatlista.
http://www.youtube.com/watch?v=IKyytNmjZQ4
Bedehusbasar
- Detaljar
- Skriven av Tomas Finnvik
Bedehusbasaren er ei årviss hending ved Imslandsjøen.
Bedehuset har blitt rusta mykje opp i den siste tida, slikt kostar pengar, og basaren er den viktigaste inntektskjelda.
Onsdag i sist veke var basarkvelden, og oppslutnaden var overveldande. Fullt hus og vel så det, både bufaste imslandsbuar og feriefolk. Utan å ha talt, vil me tru at dei siste var i fleirtal. Folk i alle aldrar, flest kvinner , men og ein heil flokk karar.
Alt som kunne vinnast var gåver, så det vart eit solid overskot, 22.000 kroner.
Vinstane var varierte, mykje var kjøpte ting, men også ein god del heimelaga, spøtavarer og dukar, mellom anna ein fin og forseggjord juleduk.
Den musikalske underhaldninga sytte ”Song og spel” frå Vikedal for.
Sokneprest Eintveit hadde lova å halda andakt, men vart hindra av gravferda til ein nær slektning i Bergen. Han sende kona i staden, det kan han trygt gjera ein annan gong og.
Tradisjonen tru vart det servert kaffi, te og saft, og i tillegg mykje god og heimelaga kakemat. Ein vellukka kveld for alle, både dei som vann, og dei som laut gå tomhendte heim.
God innsats av frivillige under Rootsfestivalen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.