.
FaceBook

.
FaceBook

Vil du leige eller har bruk for lydanlegget på bygdahuset?
Ta kontakt med Stein Gunnar Hustveit tlf 950 38 546.


1 Lydanlegget blir ikkje leigd ut utan at Stein Gunnar har ansvaret.
2 Leige av anlegget er gratis
3 Du betaler Stein Gunnar for jobben, avtal pris med han.

.
FaceBook

Det vert halde  årsmøte i representantskapet for året 2015 på Bygdahuset onsdag 2. mars klokka 19.30
I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:    

1. Årsmelding og reknskap
2. Framlegg til budsjett for komande år.
3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)
4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.
5. Val av revisorar
6. Andre saker som står på saklista.

Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende  seinast 2 veker før møte.
Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.

Sverre Hustveit
leiar i representantskapet.
– Tlf. 47269900,      epost:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

.
FaceBook

Rådmannen har levert si innstilling til revidert plan. Saka skal handsamast i formannskapet i byrjinga av februar 2016.
Planutkastet skal så leggjast ut til offentleg ettersyn. Endeleg vedtak for både samfunnsdelen og arealdelen skal etter planen skje i løpet av våren / hausten 2016.
Informasjon frå kommunen finn ein HER
Innspel til arealdelen frå folkemøte og grendautval.

.
FaceBook


Tysdag 19.01 blir det skeisedag på Børkjelandsvatnet kl 16.30.
Det blir sal av pølser og solbærtoddy/kaffe. Dei som ikkje har skeiser kan evt. ha med seg ski. Open dag for alle

.
FaceBook

I gudstenesta søndag 3. januar vart det delt ut konfirmantbibel til 11-åringane.
Dei er i år Elise Rønnevik, Elena Langeland og Mats Marvik.
Her saman med sokneprest Harald Eintveit.

.
FaceBook

Jul i kyrkja 2015
Det har vel knapt hendt før at kyrkja har vore i bruk 4 gonger på 8 dagar.
Men i år skjedde det. Det var skulegudsteneste den 18, jula vart sungen inn den 20, gudsteneste om julaftan, og det same 1. juledag. Til saman var mange fleire innom enn heile folketalet i bygda. Juleaftan var det spesielt mange som møtte fram, over 180.

.
FaceBook

.
FaceBook

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716