- Detaljar
- Skriven av Bente
Velkommen til årsmøte for Imsland bygdekvinnelag 28.oktober kl 19.30, på bygdahuset.
I tillegg til val og årsmøtesaker serverer me kyllingsuppe, focaccia, kaffi og kake – og me får besøk av Morten som skal fortelje om Romania Aid.
Velkommen!
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
TV-innsamlinga går i år til organisasjonen Care med tema: «Nå er det hennes tur». Care har som mål å hjelpa kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda.
Meir info finn du her: https://www.blimed.no/tv-aksjonen-2019/
Innsamlinga samarbeider i år med Sanitetsforeininga. Denne har vi ikkje lenger i Imsland, så vil du bidra som bøsseberar, ta kontakt med meg på tlf 91753446.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fredag 18.oktober på Imsland bygdahus.
Utstillingane opnar kl 18:00
Festen byrjar byrjar kl 19:00
Det blir servering av varm mat, kaker og kaffi.
Det blir loddsalg!
Det kostar 100kr for voksne og 50kr for barn
Me håpar på å sjå deg der☘️
Helsing Hauk 4H
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland bygdahus prøver på nytt å plante julegran ved bygdahuset. Det er eit mysterium kva som skjedde med det forrige treet - men det vart iallefall halvert ei mørk vinternatt. Den nye grana kjem frå Krutle, og her er Erik Nordtveit Åsheim og Espen Nordtveit i sving med plantingen.
- Detaljar
- Skriven av Bente
50 års-konfirmantene var samla i Imsland sist helg. Dei vart konfirmerte 11.mai 1969. Frå venstre på bildet: Berit Hustveit Heggelund, Ingunn Marie Øvregård, Henry Gunnar Hustveit og Inger Karin Hustveit Nybru.
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
- Detaljar
- Skriven av Soknerådet
Til soknerådet i Imsland skal det veljast 6 medlemer og 5 varamedlemer, dvs. at lista skal innehalda minst 11 personar. Det har ikkje lukkast nominasjonskomiteen å finna meir enn 7 som er viljuge til å stå på lista. Desse er i prioritert rekkefølgje:
- MARITA KVITNO STAURLAND, f. 1978
- JOLAUG SÆLE KALDHEIM, f. 1962
- LIV HOFF IMSLAND, f. 1949
- STEINAR ÅSHEIM, f. 1965
- ANETTE KLUNGTVEIT, f. 1990
- ÅSE VIGDIS RØNNEVIK, f. 1973
- LARS BERGE RØNNEVIK, f. 1966
I følgje valreglane kan kvar veljar føra opp inntil tre ekstra valbare personar på lista si. Nominasjonskomiteen vil difor oppfordra veljarane om å nytta seg av denne regelen, slik at Imsland får det fastsette talet varamedlemer. Det er svært liten sjanse for at desse ekstra personane får fleire stemmer enn dei som alt står på lista, slik at dei i praksis berre kan bli valde som vara.
Dei som blir valde på denne måten, kan be seg friteken dersom dei er over 65 år, har site i soknerådet siste perioden, eller har ein annan grunn som soknerådet godtek. Ein må evt. be om fritak innan tre dagar etter at ein har fått vita at ein er vald.
Nominasjonskomiteen i Imsland sokn.