- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland skule er med i det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen - undring og læring.
Prosjektet startar når elevane går i 6. trinn og skal fylgja elevane 2 veker kvart år til dei går ut av 10. trinn. Dette året har Kvitebjørnen fokus på innovasjon, og elevane skal ta utgangspunkt i sitt eige nærmiljø og nytta fantasien og skaparkrafta si for å koma opp med idear til forbetringar.
Prosjektet har mellom anna målsetjing om at elevane skal verta betre kjende i sitt eige miljø og læra meir om historien til heimstaden sin.
Imsland skule har mellom anna vore på tur til Imslandsjøen. Du kan lese skulen sin blogg her.
Det er Rasmus Løland-stiftinga som står bak det pedagogiske prosjektet. Du kan lese meir om Kvitebjørnen her.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Kor tid: Tysdag 27. oktober klokka 19:00
Kor: Ryfylkemuseet på Sand
Arrangør: Suldal sogelag
Kåsør: Tomas Finnvik
Først etter 2. verdskrigen kunne ein produsera kunstfrosen is i Noreg. Det Vestlige Norges Iscompani vart skipa på Ropeid kring 1890. Initiativtakar og grunder var lensmann Hans Kolbeinstveit frå Sand.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Formannskapet handsama i dag saka om eventuell nedleggjing av Imsland og Bjoa skular. Med unntak av Terje Kleiven, H, var det eit samstemt formannskap som avviste rådmannen si innstilling om vidare utgreiing for å leggje ned skulane.
Det var ikkje stemning for å endre skulestrukturen, men formannskapet gjorde vedtak om at bygdene sjølve må ta eit ansvar for å gjere bygda til ein attraktiv stad å bu, og på denne måten motverke nedgang i folketalet.
Redaksjonen jublar for vedtaket som vart gjort og er glad for at politikarane ser kor verdifull grendaskulen er! No er det opp til oss å gjera Imsland til ein eindå trivelegare stad å bu.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) har vedteke å gi 20 000 kroner til prosjektet Allrom i Imsland.
- Det er ein fin start, seier Terje Ersland, som har sett i gang prosjektet. Han seier at ungdom i bygda treng ein treffplass, og meinar det er flott viss rommet over kjøkkenet på Bygdahuset vert innreia.
Allrommet kan til dømes nyttast som klubblokale for 4H-gjengen, øvingslokale for musikkinteresserte, ungdomskafe, filmrom og som møteplass for born, ungdom og andre som vil treffast til ulike aktivitetar.
Bygdahuset stiller seg positive til planane, og dersom prosjektet vert fullfinanisert er planagt oppstart tidleg i 2010.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Heile bygda var engasjerte då Ølmedal Rundt gjekk av stabelen 2. pinsedag.
Løyperekord, ein verdsmeistar på besøk, strålande vårver, eit knirkefritt arrangement, masse deltakarar og publikum gjorde 2. pinsedag til ein festdag då Ølmedal Rundt vart arrangert for 23. gong.
Spreke Imslandsbu som stilte til start vart heia fram av sambygdingar som har eit meir avslappa forhold til løpet. For dei aktive er Ølmedal Rundt ei inspirasjonskjelde for å holda seg i form. Det er kjekt for små og store å måla krefter med seg sjølve og andre.