Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Inspirert av ett tydelig sendt signal i Sveio, der de hadde vardebrenning for å markere motstand mot nedleggelse av skoletilbudet, og ett initiativ fra Vats Grendalag ønsker vi i Imsland FAU og Grendautvalet å gjøre det samme.Vi samles utenfor Matkroken kl 17.00 hvor det blir gratis pølser og litt aktivitet for ungene eller de som måtte ønske. Vi går bort til fritidsområdet eller i nærheten for å tenne «Varden» kl 18.00Gjer det til ein kvedsaktivitet saman med familien, så kan både smått og stort kjenne på at dei "brenn" for saka. Vi ønsker å beholde barnehagen og skolen i Imsland!

 

Det vert folkemøte på bygdahuset 15.mars kl. 19.00 - 20.30 på kommunedirektøren sitt framlegg til barnehage- og skulebruksplan.
Saka skal opp til politisk handsaming i juni 2022.
Folkemøta blir primært informasjonsmøte, der det blir høve til å stilla spørsmål kring planutkastet. Desse møta vert ikkje rekna som høyringsmøte med referatføring.

Me oppfordrar alle til å møte opp og vise interesse for skulen og barnehagen!

Planframlegget til kommunedirektøren finn du her: Planutkast - Vindafjord kommune
Rapporten frå Norconsult: Rapport og høyringsinnspel 2021 - Vindafjord kommune

 

Rogaland fylkeskommune skal digitalt folkemøte om ny fv. 46 Skipavåg – Iglatjørn 8. mars kl. 17.00.
I tillegg til det digitale folkemøtet, blir det og open kontordag på Imsland bygdahus 11. mars kl. 11.00-17.00.

Her er linken til det digitale møtet: Digitalt folkemøte Skipavåg – Iglatjørn

Meir info om prosjektet finn de på kommunen sine nettsider
https://www.vindafjord.kommune.no/aktuelt/inviterer-til-digitale-folkemote-og-opne-kontordagar.487838.aspx


Til deg som ønsker eit levande Imsland og levande bygder. Signer, støtt oppropet mot nedlegging av Imsland skule og barnehage. Bli med i kampen for
Oppropet er laga på vegne av foreldrerepresentantane FAU og foreldrerepresentantane i barnehagen -ved Imsland skule og barnehage . Saman med Imsland Grendautval, som alle arbeider for å behalde barnehage og skule i bygda.
Me ønsker ei levande bygd med skule og barnehage.

Støtter du denne kampanjen? Gå inn HER

Imsland grendautval arrangerar bygdemøte der saka er barnehage-og skulebruksplanen.

Møte vil vera på Imsland bygdahus torsdag 24.februar klokka 19.30.
Det er viktig at DU stiller, uansett alder, angår dette deg så lenge du bur i bygda. Tilbud om barnehage og skule påverkar bygda og livet her.
Dette vil vera eit møte utanom folkemøtet med kommunen. Kor me kan komma saman og sjå på konsekvensar og kva me ønskjer her i bygda.
Me håpar alle som har anledning møter!
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Søndag 13. februar 2022 klokka19:00
Lydia Haugan Helland og Håvard Ersland duo

Velkommen til årsmøte i Imsland Grendautval 2022

Dato: 23.02.22
Tid: 19.00
Stad: Imsland bygdahus

Sak 1: godkjenning av innkalling og saksliste.
Sak 2: Val av møteleiar.
Sak 3: Val av to til å skrive under i møteboka saman med møteleiar.
Sak 4: Årsmelding.
Sak 5: Regnskap.
Sak 6: Innkomne saker/ymse.
Sak 7: Val av nye medlemmer i styret.

Dersom du har saker kan dei sendast til:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

Onsdag 16. februar 2022 klokka 20:00 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 2. februar.

Endeleg saksliste blir publisert på denne sida innan 9. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.

Foreløpig saksliste:
Sak 1/2022: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2022: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2022: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2021
Sak 4/2022: Vedtak av budsjett for 2022
Sak 5/2022: Val av leiar for Representantskapet
Sak 6/2022: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 7/2022: Val av Styreleiar og nestleiar
Sak 8/2022: Val av revisorar
Sak 9/2022: Val av nytt medlem i valnemda

Me treng minimum 6 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.

Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

GLADMELDING! 
Etter samråd med kommuneoverlegen blir konserten i Imsland kyrkje 19. desember kl 19:30 gjennomført som planlagd.
Det er plass til maks 50 gjester og alle smitteverns-råd blir fulgt, slik at alle kan føla seg trygge og kan komma i julestemning på ein forsvarlig måte!
Det er fullt mogleg å kjøpa billett i døra, men me set veldig pris på om folk vil senda ein melding til 47840680 (Håvard Ersland) for å reservera plass. Då har me ein betre oversikt over kor mange som kjem og kan leggja til rette for eit smittevern utan sidestykke!

TRIST MELDING 😕😕😢
Imsland skulekor kan dessverre ikkje delta på konserten som planlagd, men dei er hjertelig velkommen på konsert som publikum!
Håkkis og Dorris har bestemt at alle i koret får gratis inngang på konserten!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716