Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Då er me allereie midtvegs i januar 2020 – Godt Nytt År til kvar og ein av dykk 
Frivilligsentralen er på plass i Sjøperlo, her deler eg kontor med nytilsett Allemed-koordinator Barbro Ringstad.
Eg registrerar stor etterspurnad når det gjeld frivillige til mange ulike føremål. Heldigvis kjem det stadig fleire til, som både har tid og lyst til å gjera ein skilnad i andre menneske sine liv. Det er allikevel plass til fleire. Eg brukar frivillig.no til publisering av frivillige oppgåver, dette er eit godt verktøy for å nå ut til folk.
Litt av tilboda/aktivitetane som rører seg:


Kveldskafeen er ein fast møtestad for menneske som lev med kreft.  Treffa er siste måndagen i månaden kl 18-20. Denne gjengen held til i arrangementskafeen på Sjøperlo. Her har me ein temadel på om lag 30 minuttar, samt kveldsmat, kaffi og god drøs.
Kvar tysdag kl 18-20 har me teoriøving på storskjerm. Fleire som dei som skal ta/held på med førarkort, treng ekstra øving for å kunne bestå teoriprøve.
28.januar er ungdommen invitert til Sjøperlo  – me tek sikte på å laga ein møtestad saman med ungdommane sjølve. Dette blir kvar tysdag kl 18 – 21. Sjå vedlegg.
Frivilligsentralen har også fått midlar til Taxa Passasjersyklar frå Gjensidigestiftinga. Det blir i desse dagar kjøpt inn 2 stk av denne typen, gler oss til å komme i gong med «Ut på tur, med sykkel – i godt lag»
KOMPIS – prosjektet blir sett i gong med temakveld på Sjøperlo onsdag 5. februar kl 18.00 – 19.30. Kjekt om nokon frå grendeutvala/bygdelaga kjem. Tanken bak dette er førebygging og inkludering, samt  at  frivillige kan  bli kjend med nye menneske med annan kulturbakgrunn. Sjå vedlegg.
Elles har Frivilligsentralen ulike kostnadsfrie aktivitetsdagar. Camp Vindafjord, som er eit veldig populært tilbod for born mellom 1. og 7. kl, går fast 2 dagar i vinterferien og haustferien. I tillegg hadde me Kongesommar i fjor, som er aktivitetsdagar for familiar. Me satsar på å kunne tilby dette i år også.

Med helsing frå Nina Frøyland, dagleg leiar Frivilligsentralen

https://vindafjord.frivilligsentral.no/

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716