- Detaljar
- Skriven av Turid
Imsland bygdahus pleier å ha salg av mat under Ølmedal rundt, men sidan me ikkje får arrangera Ølmedal rundt på tradisjonelt vis i år, set me pris på om du vil støtte oss.
Vippsnr 109005
- Detaljar
- Skriven av Turid
- Detaljar
- Skriven av Lasse
{youtube}ZkZNLkBVOuQ{/youtube}
- Detaljar
- Skriven av Bente
Åpen kyrkje 17.mai fra kl.11-12.
Kristi himmelfartsdag: Drive-in-gudsteneste på parkeringsplassen ved bygdahuset kl.11.
Alle hjarteleg velkommen
Helsing Soknerådet
- Detaljar
- Skriven av Bente
Me treng alle å lufte oss litt. Kvifor ikkje ta med dei du bur i lag med på ein liten PÅSKEVANDRING TIL KYRKJA DI? - med eller uten solbriller !
- Detaljar
- Skriven av Marit Svandal
Sentrale styresmakter har sendt ut melding om at me ikkje nå skal røre turkassar, turbøker og kodekort. Me oppmodar alle til å bli med på denne dugnaden om ikkje å skrive seg inn i alle dei ulike turbøkene som er utplassert i kommunen.
«Ut på tur 2020» i Vindafjord har difor ikkje lagt bøker i turkassane. Du finn kodeord og TellTur-kode på klistermerke som er plassert utanpå turkassen.
Me oppmodar til å nytta appen Norgeskart friluftsliv til turregistreringa. Appen slår ut på gps-posisjon og registrere turen når du er innan 50 m frå turmålet, og du slepp å bruke kode i det heile. Appen er gratis å bruke.
God tur!
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Detaljar
- Skriven av Morten Svandal
Onsdag 19. februar 2020 klokka 20:00 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 5. februar.
Endeleg saksliste blir publisert på denne sida innan 12. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.
Sak 1/2020: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2020: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2020: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2019
Sak 4/2020: Vedtak av budsjett for 2020
Sak 5/2020: Vedtektsendring
§7 Representantskapet
Tidligere tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. For kvart medlem skal det veljast ein personlig varamann
Ny tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. Det skal være 5 varamedlemmer til andelseigerane i B-gruppa.
Sak 6/2020: Vedtektsendring
§8 Møte i representantskapet
Tidligere tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 2/3 av representantane er tilstades
Forslag til ny tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 1/2 av representantane er tilstades
Sak
Sak 7/2020: Val av leiar for Representantskapet
Sak 8/2020: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 9/2020: Val av Styreleiar og nestleiar
Sak 10/2020: Val av revisorar
Sak 11/2020: Val av nytt medlem i valnemda
Me treng minimum 8 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.
Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
- Detaljar
- Skriven av Imsland Grendeutval
Det blir årsmøte i Imsland grendautvalg torsdag 5 mars 2020 kl.19.30 på bygdahuset
Saksliste
Sak 1: Godkjenning av saksliste og innkalling
Sak 2: Valg av møteleiar
Sak 3: Valg av 2 til å skrive under møteprotokoll
Sak 4: Godkjenning av årsmelding
Sak 5: Godkjenning av regnskap
Sak 6: Valg av 2 nye styremedlemmer
Sak 7: Innkomne saker/Ymse
Styret må ha innkomne saker seinast 14 dager før årsmøte
Styret i Imsland grendautvalg