Torsdag 13. mai 2021 klokka 15:00 spelar orgeltrioen Vaspeland 3 under ledelse av Håvard Ersland.
Trioen spelar 2 sett med jazzmusikk i den koselige låven på Øvregård, medan gjestene kan nyta heimelaga flatbrød, graut og spekemat frå den søtaste dama i Imsland, Anita Øvregård.
På grunn av situasjonen rundt koronapandemien set me pris på om de kan bestilla bord hjå Anita på førehand, slik at me kan ta alle nødvendige forhåndsreglar med tanke på smittevern.
Pris: 400,- pr pers. Dette inkluderer konsert, mat, saft, kaffi og god stemning:-)
Ta kontakt med Anita på tlf 97 11 81 77 for bestilling!