Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Fredag 3.september kl 19.00 blir det musikk og mat på låven på Øvregård. Det blir og muleg å få kjøpt seg noko godt å drikke, både med og utan alkohol. 

Det blir musikk frå 2 band: Vaspeland og Loose Swing group som spelar 1 sett kvar. Me får høyra variert musikk, både jazz, funk, disco og blues.

Anita serverer nydeleg låvegraut med spekemat og heimelaga - og kanskje landets beste - flatbrød.

Pris: 400 kr som inkluderer musikk og mat

På grunn av situasjonen rundt koronapandemien set me pris på om du bestiller bord på førehand slik at me kan ta nødvendige forhåndsreglar med tanke på smittevern.

Ta kontakt med Anita for å bestille billett og bord, tlf 97118177

Bandet Vaspeland består av Håvard Ersland på Hammond B3, Petter Berg Aspen på gitar og Ingvald André Vassbø på trommer
I Loose Swing group spelar Mathias Hagen saxofon, Trond Martin Tanke trommer og Håvard Ersland hammond B3. 

Velkommen til triveleg kveld på låven! 

Helsing Anita Øvregård og Håvard Ersland

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716