- Detaljar
- Skriven av Bente
Christian Vanvik starta fotballkarriera i Imsland, der han hadde god tid til å sparka og triksa med ball. Han flytta til Hjelmeland då han gjekk i 2. klasse og no kan me lesa i magasinet Mitt Hjelmeland at Christian spelar fotball i Italia.
Du kan lese Fotballdraumen i Italia her.
Og HER ser du filmen Mitt Hjelmeland har laga med Christian.
- Detaljar
- Skriven av Bygdahuset
Det er skifta vindauge på bygdahuset. Dei gamle kan kjøpast for den symbolske sum av kr 150 pr stk. Ta kontakt med Magne Egil Langeland eller Arne Svandal.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland grendautval og Vindafjord kommune inviterer til folkemøte tysdag 12.mai kl 19.30 - 21.30
- Detaljar
- Skriven av Jolaug
Årets konfirmantar: Torbjørn Imsland Mo, Kristine Skogen, Leiv Vidar Rønnevik
- Detaljar
- Skriven av Marit
No er det komen ny steik/ dampovn på bygdahuset. Takk til Imsland Væralag for sponsing.
Mandag 13 april kl 12.00 kjem ei frå Klovning storkjøkken og kursar oss i bruken av den nye ovnen på bygdahuset.
Håpar alle som har anledning møter opp, viktig at flest mulig kan bruka den. Blir også eit kurs på kveldstid torsdag 16 april kl 19.00 der dei som har gått på første kurset kan læra opp nye.
- Detaljar
- Skriven av Imsland Grendeutval
Me i grendeutvalet har vore i kontakt med Haugaland Kraft angåande det å få fiber til bygda. Dei har ingen konkrete planar om å legga opp det her i bygda i næraste framtid. Me vil likevel prøve å få fortgang på dette og køyrer difor ein underskriftskampanje. Får me mange nok underskrifter vil dei sjå på saken og vurdere det på nytt.
Fiber vil gi eit raskare og meir stabilt nett og moglegheit for altibox. Les meir om altibox her: https://www.haugnett.no/ På denne sida kan ein også melde si interesse for fiber ved å gå på linken som heiter «nå kan du også bestille fiber direkte på web». Men hugs også å gi di underskrift til oss! Me prøver å gå rundt i veke 11, Får de ikkje besøk av oss kan de berre ta kontakt med ein av oss i grendeutvalet: Sølvi Staurland, Anette Klungtveit, Ann Helen Olsen, Margunn Fjetland, Berit Haugland, Ann Kristin Eikeland eller Hanne E. Imsland.
Vonar så mange som mogleg er med på dette!
Imsland Grendeutval
- Detaljar
- Skriven av Bente
Dagmar Dentel bur i Ølmedal og har no opna nettbutikken Allehånde - Allerlei. Ta ein kikk på heimesida og sjekk tilboda i nettbutikken.
Dagmar minner og om JENTEKVELDEN kvar 1. onsdag i månaden - frå 19.30 i kjellarstova hennar.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Trilletur Friluftslivets år 2015 Sjekk kommunen sine nettsider for eventuelle endringar. Oppslag også på helsestasjonen. Nokon turar står i «Ut på tur» brosjyren *, og kan registrerast på Telltur.no
|
||
Månad: |
Aktivitet: |
Tal deltakarar: |
15. Januar kl. 11 |
Trilletur Ølen med oppmøte ved Revehallen.* Besøk på Frivilligsentral |
|
10. Februar kl. 11
|
Trilletur Skjold. Oppmøte ved Frøken Fryd. Rundtur i sentrum* med besøk på kafeen etterpå. Ta med pengar! |
|
3. Mars kl. 11 |
Trilletur Imsland. Oppmøte ved bygdahuset. Ølmedal rundt* med besøk i lavvo ved campinga. Ta med niste. |
|
7. April kl. 11 |
Trilletur Bjoa. Skogstur til Baslia*. Oppmøte ved parkering 1 km inn på vei skilta til Dalsbruket. Ta med niste. |
|
5.Mai kl.11 |
Trilletur Øvre Vats. Oppmøte ved infoskilt Refsnes. Rundtur rundt bygda ved Refsnes. Ta med niste og badetøy (?) |
|
2. Juni kl. 11 |
Trilletur Vikebygd. Oppmøte ved bygdahuset. Rundtur rundt nullen*, med avslutning på småbåthamna. Ta med badetøy, niste eller kjøp på butikken . |
|
Juli |
Ferie |
|
19.August kl.11 |
Trilletur Vikedal. Parkering ved båthamna. Rundtur i sentrum med avslutning på badestranda. Ta med niste eller kjøp på butikkane der. |
|
22. September kl. 11 |
Trilletur Sandeid. Oppmøte på samfunnshuset. Rundtur via sentrum via Helgevold* med avslutning i lavvo ved skulen. Ta med niste eller kjøp på butikken. |
|
20. Oktober kl. 11 |
Trilletur Ølensvåg. Oppmøte ved bensinstasjon. Tur til Lundeneset med besøk på Isabella kafe etterpå. Ta med penger!
|
|
24. November kl.11 |
Trilletur Nedre Vats. Oppmøte ved gamle Coop i Åmsosen. Rundtur i området og besøk i Hattelandsparken ved elva. Ta med niste.
|
|
8. Desember kl.11 |
Trilletur Frønsdal. Oppmøte Frønsdal aktivitetsgard. Ta med niste/kakao og nisselue! Om snø , ta med akebrett. |
|
Nokon spørsmål? Ring Elisabeth folkehelseinspirator 92461223 for informasjon |
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus tysdag 03.02.2015 kl. 19.00.
Saksliste:
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av møteleiar
- Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar.
- Årsmelding
- Rekneskap
- Innkomne saker
- Val
- Ymse
Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar: Sølvi Staurland, nestleiar Berit Haugland, kasserar: Ann Kristin Eikeland, sekretær: Hanne E. Imsland, styremedlem: Margunn Fjetland, Anette Klungtveit og Ann Helen Olsen.
Det blir noko å bita i.
Vel møtt!