I Imsland var det tenning av julegran første søndag i advendt, slik tradisjonen har vore dei siste åra. Oppmøte fortel at dette er ein tilstelling imslandsbuen set stor pris på! Det var meir enn fullt hus - og nokre måtte faktisk opp på møterommet for å finna sitjeplass.
Ellers var det god stemning, graut, kaker, skulekor, nisse, korpsmusikk og sal frå fleire lokale produsentar. Her kunne me sikra oss godt å bite i, julepynt og -gåver, kransar, håndarbeid mm.
Grendautvalet står bak arrangementet. Dei ber meg skrive at viss du har saker du ønskjer utvalet skal jobba med blir dei takknemlege viss du tek kontakt