Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Sidan 6. januar 1917 har me hatt bank i Imsland.  Då starta ein opp Imsland Sognekommunes Sparebank i eit kammers i bedehuset ved Imslandsjøen. Huset har det bibelske namnet Zoar, eit namn som etter kvart har gått i gløymeboka.  Før ein starta opp, hadde banken pussa opp lokalet med papp på veggene, måling og dobbelt golv. Ein hadde og forsterka døra og sett inn ein solid lås. Omn var også på plass. Det kom vel med, for vinteren 1917 var den lengste og kaldaste i manns minne. Isen på Ølmedalsvatnet låg til 20. mai, og Sandsfjorden fraus til . Alle forsyningar til Sand, Sauda, Suldal og Røldal laut i lang tid fraktast over isen med hest og slede like frå Nevøynå.  Vegen frå Imsland til Ropeid var under bygging, det budde sluskar på mange gardar innetter, både norske og svenske.  Dette året var det til og med 1. maitog ved Imslandsjøen, noko som fall mange av samfunnsstøttene i Imsland tungt for brystet.
Dei som møtte innskytarane som kom med sparepengane sine på opningsdagen, var styreformann Theodor Imsland og kasserar Corn. Hustvedt.  Dei fekk eit langt samliv i banken. Etter 27 år som styreformann, slutta Theodor i 1944, Cornelius heldt fram eitt år til.


Imsland vart eigen kommune i 1923. Då trong dei rådhus. Det vart ordna ved å flytta det gamle skulehuset på Nybru til kommunesenteret, og setja det opp ved sida av bedehuset. Banken fekk seg eit ørlite kontorrom i dette huset og forlet Zoar. Her heldt så banken til fram til 1949. Då kjøpte dei ”Ingeborghuset” og flytte inn i eine stova der. Kommunekasseraren hadde den andre stova. Utetter 1960- åra kom Imslandsjøn meir og meir i bakleksa. Særleg etter kommunesamanslåinga i 1965 og omlegginga av hovudvegen. Banken leigde seg då inn i ”Oskarshuset” ,der og Ølmedal Handelslag hadde halde til.. Her vart banken verande til han kjøpte seg inn i det nye bygdahuset og flytte inn der. Endeleg hadde banken fått skikkelege lokale. Her dreiv ein så bank på gamlemåten med handført rekneskap og tjukke protokollar i skinnband fram til 1987. Då fann leiinga i banken det mest framtidsretta å slå seg saman med ein større bank. Det var fleire friarar, til slutt fall valet på Haugesund Sparebank. Kasseraren, Endre Fjetland, vart tilsett som avdelingsstyrar, og opningstida vart mykje utvida. Ein såg føre seg ei stor framtid for banken, men så kom ny teknologi på plass, med nettbank som ein viktig del. Folk hadde ikkje lenger så mykje bruk for å gå i banken, og opningstida vart redusert i høve til dette. Dei siste åra har banken berre hatt ope eit par timar i veka. Slik var det og frå starten av, opningstida var då mellom 1 og 3 om laurdagane.
18. desember var det jamt slutt. Tre veker seinare ville banken ha vore i drift i 97 år.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716