- Detaljar
- Skriven av Bente
Sjå korleis lese- og skriveopplæringa føregår på Imsland skule: KLIKK HER
Dette er ein metode som vekkjer oppsikt rundt om i skulemiljøa. Og det ser jo utruleg bra og kjekt ut! Tomlane opp for lærarane på Imsland skule
- Detaljar
- Skriven av Bente
Til lag og organisasjoner i Imsland:
Velkommen frå din forening til orienteringsmøte
Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.
Då treng me DEG med på lag!
Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19.
Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspirator
v/ Elisabeth Nesheim
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
- Detaljar
- Skriven av Tomas Finnvik
Sidan 6. januar 1917 har me hatt bank i Imsland. Då starta ein opp Imsland Sognekommunes Sparebank i eit kammers i bedehuset ved Imslandsjøen. Huset har det bibelske namnet Zoar, eit namn som etter kvart har gått i gløymeboka. Før ein starta opp, hadde banken pussa opp lokalet med papp på veggene, måling og dobbelt golv. Ein hadde og forsterka døra og sett inn ein solid lås. Omn var også på plass. Det kom vel med, for vinteren 1917 var den lengste og kaldaste i manns minne. Isen på Ølmedalsvatnet låg til 20. mai, og Sandsfjorden fraus til . Alle forsyningar til Sand, Sauda, Suldal og Røldal laut i lang tid fraktast over isen med hest og slede like frå Nevøynå. Vegen frå Imsland til Ropeid var under bygging, det budde sluskar på mange gardar innetter, både norske og svenske. Dette året var det til og med 1. maitog ved Imslandsjøen, noko som fall mange av samfunnsstøttene i Imsland tungt for brystet.
Dei som møtte innskytarane som kom med sparepengane sine på opningsdagen, var styreformann Theodor Imsland og kasserar Corn. Hustvedt. Dei fekk eit langt samliv i banken. Etter 27 år som styreformann, slutta Theodor i 1944, Cornelius heldt fram eitt år til.
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Soknerådet har lenge hatt lyst til å fjerna den stygge muren som gjekk frå porten og opp til bårehuset. Vi har aldri fått midler til dette prosjektet, og bestemte oss for å prøva å få det gjort på dugnad. Og nå har Hans Ilstad og Edvin Marvik trødd til og fjerna muren for oss. Heile soknet takkar dokke! Her eit par bilder frå jobben.
Soknerådet
- Detaljar
- Skriven av Dagmar Dentel
Ta med deg kjeks, gløgg eller noko anna du har til overs.
Oppmøte her hjå oss på Rørtveit tysdag 7.januar 2014 kl. 19.30.
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Soknerådet legg ut restopplaget av jubileumsboka til sal til rimeleg pris. Kanskje passande julegåve til vaksne born, tanter eller onklar eller andre med tilknytning til bygda. Finst på lokale butikkar, bank og bokhandlar.
Treng du meir enn ei bok, kan du få eit ennå betre tilbod ved å ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 446.
- Detaljar
- Skriven av Dagmar Dentel
Me har 18.12.13 siste kreativkveld "Vintervakker gjenbruk" kl. 20 her hjå oss på Rørtveit.
Denne kvelden lagar me kreative & fine lysestakar.
Dei kan du ikkje berre bruke til jul - men er fine heile året.
Eg serverer heimelaga toddy og juletapas. Julestemning er inkludert - surprise-surprise
Har du lyst å vera med? Påmelding innan 17.12.2013
Eg tek 200 kr, dette inkluderer materiell og mat.
Nærmere info: tlf 942 484 62 Helsing Dagmar
- Detaljar
- Skriven av Dagmar Dentel
Allehånde opner døra for første gong onsdag 11. desember 2013 frå kl. 12 - 16.
Kanskje du har lyst & tid til å stikke innom til oss på Rørtveit?
Velkommen til oss !!
Med helsing, Dagmar og Fred 942 484 62
- Detaljar
- Skriven av Dagmar Dentel