Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Laurdag 27. september var det haustpub på Bygdahuset, og innviing av nyoppussa storsal.
Det blei ein hyggeleg kveld der det blei servert canapear og champagne. Revystjerner frå åtti- og nittitalet var og på plass, og dei hadde ikkje gløymt gamle kunster!
"Skræmmern" var og innom og fekk ført inn nye skremmeinnslag i boka si.
Hallgeir overrakte ei pengegåve på 45.000 kr til Bygdahuset frå Husabø krins. Bakgrunnen for dette er at krinsen har seld gamle skulehuset og tomta på Hyttebø til Tomas Finnvik.
Etter at skulen blei nedlagt på slutten av femtitalet, blei eigedomen overført frå kommunen til krinsen. Huset blei brukt som forsamlingslokale der ein hadde  juletrefestar, basarar o.l. Skuleplassen blei og brukt til saueutstillingar, og ein del år fram til midten av nittitalet var det og barneparkering her.

Seinare dabba bruken av skulehuset og skuleplassen av, og dei siste åra blei det kun arrangert ein basar i året for å dekka straum, forsikring o.l. For ca to år si vedtok
årsmøtet at ein skulle selja eigedomen, og Tomas som eig rundt tomta var interessert i å kjøpa. Me vart då samde om å gi ein del av salssummen til Bygdahuset.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716