Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Dugnad Ørevikvegen 19. mai 2016
Dugnad Ørevikvegen 19. mai 2016

Femten staute kvinner og menn møtte til dugnad på Ørevikvegen i går 19. mai. Dei rydda unna kratt og tre, så nå er vegen open og fin.

Etterpå vart det kaffi og kaker frå Grendautvalet.

Vel blåst Ølmedal Rundt! Eit kjekt og velsmurt arrangement der 770 deltakarar stillte til start i år - mot 766 i fjor. 

Her finn du resultatlista 

Andre pinsedag, 16. mai 2016, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 29. gong på rad, og trekkjer nærmare 1000 trimmarar og aktive løparar til bygda.

 - Det blir ein flott førfest og fin opptakt til 17.mai. Får du med deg løpet 2. pinsedag kan du dobla iskvoten på nasjonaldagen, seier Lars Olav Larsen, leiar av arrangementkomiteen.  

Grendeutvalet har planar om å rusta opp treningsrommet.
Er det nokon som har treningsutstyr ståande som dei ikkje brukar, og vil kvitte seg med?
Ta kontakt med ein i grendautvalget dersom det er aktuelt.
Me har planar om å kjøpe nytt utstyr også, men alle bidrag er positivt.
Helsing Grendeutvalet

Me takkar for alle loppene me fekk også i år og for alle som kom for å handle, drøse, drikke kaffi og ete kake. Var ikkje mykje kake igjen.
Litt lopper var det att, men desse kom Etne brukthandel og henta. Tusen takk til alle som bidrog!

Det nærmar seg frist for høyring angåande alternativ for kommunesamanslåing. Alternativa er:
0-alternativet = Vindafjord kommune held fram som ein kommune
VE = Vindafjord og Etne kommune
VESS = Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal kommune
Me i grendeutvalget vil gi ei tilbakemelding på dette og har du ei meining om det vil me gjerne høyre den. Frist for dette 12. april.  Sjå kommunen sine nettsider for meir informasjon:  vindafjord.kommune.no

Minner også om kommuneplanen som også ligg ute på høyring no.
Den har frist 13. mai. Sjå kommunen sine nettsider her for informasjon.
Dei har også kommuneplanen liggande på rådhuset for dei som ikkje brukar nettet.
Har du ei tilbakemelding, gi den til leiar i Imsland grendeutval:
Hanne E. Imsland , tlf: 41427520 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vil du leige eller har bruk for lydanlegget på bygdahuset?
Ta kontakt med Stein Gunnar Hustveit tlf 950 38 546.


1 Lydanlegget blir ikkje leigd ut utan at Stein Gunnar har ansvaret.
2 Leige av anlegget er gratis
3 Du betaler Stein Gunnar for jobben, avtal pris med han.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716