Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Torsdag 2.oktober kl 19.30 på bygdahuset

Representantar frå Tysvær Bygdekvinnelag kjem. Desse damene vil fortelja om korleis den yngre generasjon overtok laget fullt og heilt – og om korleis dei nå driv laget på moderne vis.

Dei vil gi råd og tips og dele sine erfaringar.

Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitisk nøytral organisasjon som er med på å skapa opne, rause og inkluderande bygder.

Levande bygder treng både tradisjon og nyskaping.

Bygdekvinnelaget kan vere pådriverar for for livskraftige bygder ved å stimulera kvarandre, politikerane og samfunnet til auka aktivitet og nyskaping.

Det er mange grunnar til å bli medlem i Norges Bygdekvinnelag, både av eiga interesse/nytte, og den kollektive effekten.

Laget kjem med mange interessante tilbod. Det er moglegheiter for den som vil.

Og ikkje minst – det er faktisk morosamt.

------------------------------------------------------------------------------------

MEN: Å SLEPPE TIL NYE KREFTER ER VIKTIG FOR Å HA EIN VITAL OG LEVEDYKTIG ORGANISASJON.

KANSKJE TIDA ER MODEN FOR Å GJERE SOM I TYSVÆR?

VIL VI HA EIT VITALT OG MODERNE BYGDEKVINNELAG I IMSLAND?

VI HÅPAR MANGE VIL KOME OG LYTTE TIL TYSVÆRDAMENE OG LA SEG INSPIRERE.

Helsing styret – som sjølvsagt byr på kaffi med noko attåt denne kvelden

Imsland bygdekvinnelag

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716