Omlag 90 personar fann vegen til søndagskafeen på Bygdahuset der det vart servert omnsbakt kveite, kjøttkaker, gele og sjokoladepudding.
Det var 10. klasse ved Vikedal ungdomsskule som stod bak kafeen. Dei samlar pengar til skuleturen dei skal reisa på i samband med at dei no avsluttar 10-årig obligatorisk skulegang. Dei skal reise med Fredsreiser til Polen, og skal mellom anna vitje konsentrasjonsleirar og lære meir om kva som skjedde under 2. verdskrigen.