Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Søndag 13. februar 2022 klokka19:00
Lydia Haugan Helland og Håvard Ersland duo

Håvard og Lydia kjem frå to nabobygder i Vindafjord kommune, og legg ut på turne med eit heilt nytt samarbeid. Dei ynskjer å gi publikum i Rogalandsdistrikta ei nedstrippa, sart og uforgløymeleg konsertoppleving der musikk med element frå visesjangeren og tradisjonell folkemusikk møter jazzen.
Lydia Haugan Helland er ein låtskrivar, artist og komponist frå Vikedal. Ho har vekse opp med musikk frå heile verda rundt seg, noko som gjer at musikken hennar strekk seg mellom ulike tradisjonar og hentar inspirasjon frå ulike stilartar. Lydia skapar melodiøs musikk, skriv tekstar på norsk og engelsk og trakterer ulike instrumenter. Ho er utdanna ved musikkonservatoriet i Kristiansand, har mottatt Anton Holtens Minnepris i 2019 og Vindafjord kommune sin kulturpris i 2020. Lydia er også produsent og musikar for folkemsuikkgruppa, Snillan Du.
Håvard Ersland frå Imsland er ein ettertrakta komponist og pianist som også trakterer ei rekke andre instrumenter. Ersland har utdanning frå musikkonservatoriet i Stavanger og Norges Musikkhøgskole i Oslo, og vann Equinors Sildajazzpris i 2019 der juryen omtalar han som ein av dei mest spennande og lovange unge musikarane på den norske jazzscenen. I tillegg til å vere aktiv med i Håvard Ersland Trio, som vann Jazz i Sikte i 2018, er han også å forbinde som som musikar i banda FYK og Klossmajor, blant anna.

Høyr noko av musikken her: https://www.lydiahauganhelland.com/

Vaksne 200,-
Born/student 150,-
Betal med Vipps/kort/kontant i døra.
Munnbindpåbud
Hjartleg velkomen!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716