Har pynta Imsland i år og
- Detaljar
- Skriven av Bente
Grendautvalet nytta godværet godt og melder no at den årlege plantedugnaden er unnagjort! Det blei skikkeligt fint!!!
Liva er årets konfirmant
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 7.mai skal Liva Imsland konfirmerast i Vikedal kyrkje. Ho er einaste konfirmant frå Imsland dette året. Gratulerer til Liva og håpar dagen blir fin!
Har vore dugnad på kyrkjegarden
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det var ein god gjeng som rydda på kyrkjegarden, både Soknerådet men og frivillige. Det vart brukt krafser, brakjesakser, river, gaffler og malerkost.
Ved godt mot gikk alle til arbeid og kaffepause.
Helsing Soknerådet
Miljøagentar på Imsland skule
- Detaljar
- Skriven av Bente
Årsmøte i representantskapet for Imsland Bygdahus
- Detaljar
- Skriven av Sverre Hustveit
Det vert halde årsmøte i representantskapet for året 2016 på Bygdahuset tirsdag 21. mars klokka 19.30
I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:
1. Årsmelding og reknskap
2. Framlegg til budsjett for komande år.
3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)
4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.
5. Val av revisorar
6. Andre saker som står på saklista.
Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende seinast 2 veker før møte.
Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.
Leiar i representantskapet. Sverre Hustveit – Tlf. 47269900,
epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Loppemarked onsdag 12. april
- Detaljar
- Skriven av Bente
Damefest 24/3
- Detaljar
- Skriven av Bente
Festinvitasjonane manglar klokkeslett - men festen startar kl 19.30. Velkommen!
Bygda i bevegelse - Fellestur i Krutle
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 12.mars blir det fellestur "Krutle Rundt".
Oppmøte og parkering i tunet nedanfor Arne og Marit, klokka 12.00.
Me går langs vatnet og ein rundttur på skogsvegen og tilbake igjen, ca 3 - 4 km i lett terreng. Fin skogsveg stort sett heile vegen - og går an å ha med barnevogn.
Me har med bålpanner og det blir mulighet for grilling så ta med deg det du vil eta og drikka. Og kanskje eit sitjeunderlag!
Håpar du vil vera med oss på tur! Helsing Imsland Bygdekvinnelag