Opprusting av treningsrommet
- Detaljar
- Skriven av Grendeutvalet
Grendeutvalet har planar om å rusta opp treningsrommet.
Er det nokon som har treningsutstyr ståande som dei ikkje brukar, og vil kvitte seg med?
Ta kontakt med ein i grendautvalget dersom det er aktuelt.
Me har planar om å kjøpe nytt utstyr også, men alle bidrag er positivt.
Helsing Grendeutvalet
Bøkene på bomberommet
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det ligg ein del gamle fine bøker i bomberommet på bygdahuset. Styret lurer på om det er nokon som har interesse av å ha desse? I så fall er det fritt fram til å plukka med seg
Frist for å plukke med seg er satt til 1. oktober 2016
Vårtur til Fatet
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bli med bygdekvinnelaget på tur til Fatet søndag 24.april!
Dette er ein fellestur for alle som har lyst å vera med - små og store - og me kjem til å leggje ut overraskingar og oppgåver langs stien.
Ta med eiga niste, drikke, kaffi etc.
Me går frå Brattaland klokka 12.00. Det er ca 10 P-plassar oppe ved Brattaland - alternativet er parkering nede og ta beina fatt opp den første kneika. Hugs bompengar kr 20,- viss du skal køyra opp til Brattaland.
Viss du lurer på noko kan du ta kontakt med Bente, tlf 47231735
Mykje folk og god stemning på loppemarkedet 23. mars.
- Detaljar
- Skriven av Grendeutvalet
Me takkar for alle loppene me fekk også i år og for alle som kom for å handle, drøse, drikke kaffi og ete kake. Var ikkje mykje kake igjen.
Litt lopper var det att, men desse kom Etne brukthandel og henta. Tusen takk til alle som bidrog!
Angåande kommunesamanslåing
- Detaljar
- Skriven av Grendeutvalet
Det nærmar seg frist for høyring angåande alternativ for kommunesamanslåing. Alternativa er:
0-alternativet = Vindafjord kommune held fram som ein kommune
VE = Vindafjord og Etne kommune
VESS = Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal kommune
Me i grendeutvalget vil gi ei tilbakemelding på dette og har du ei meining om det vil me gjerne høyre den. Frist for dette 12. april. Sjå kommunen sine nettsider for meir informasjon: vindafjord.kommune.no
Minner også om kommuneplanen som også ligg ute på høyring no.
Den har frist 13. mai. Sjå kommunen sine nettsider her for informasjon.
Dei har også kommuneplanen liggande på rådhuset for dei som ikkje brukar nettet.
Har du ei tilbakemelding, gi den til leiar i Imsland grendeutval:
Hanne E. Imsland , tlf: 41427520 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Damefesten igjen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det kan vere lurt å ta med litt kontantar på damefesten slik at du har litt å rutte med.
Du kan feks handle i baren vår - ja også er det jo littegrann inngangspenger.
Festen byrjar 19.30, programmet er spikra og alt er klart! Helsing Bygdekvinnelaget
Loppemarked i påsken
- Detaljar
- Skriven av Bente
Digitalisering av videokassettar
- Detaljar
- Skriven av Lasse