Strikkekveld
- Detaljar
- Skriven av Bente
Tysdag 8.november kl 19 blir det strikkekveld - oppe på bygdahuset. Alle er velkomne!!!
Bygdekvinnelaget har hatt årsmøte
- Detaljar
- Skriven av Bente
Styret tok gjenvalg:
Anita Øvregård, Marita Staurland og Sølvi Staurland vart valde for 2 år.
Kristin Hansen, Gudrun Dyrset og Bente Kjos-Wenjum vart valde for 1 år. Gudrun vart vald som leiar.
Laget har fått mange nye medlemar i løpet av det siste året; me har auka frå 15 til 33!
Me satsa på to hovudprosjekt i fjor: Damefest og Heile bygda i bevegelse, som består av 4 turar i 4 årstider.
Me har spennande planar for neste år og - og det blir iallefall ny damefest!
Imslands-elevar på bærtur
- Detaljar
- Skriven av Bente
Elevane på Imsland skule er så heldige å ha ein stor blåbæråker i gongavstand frå skulen. Fredag før haustferien fekk alle dei 27 elevane på skulen koma opp i åkeren og eta og plukka så mykje dei berre ville!
Gullkonfirmantar, Imsland 2016.
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Årets gullkonfirmantar:
Frå venstre: Liv Imsland Gulbrandsen, Bjarne Emil Torsteinbø, Liv Norunn Hustveit Bakkedal og Bodhild Åsland Hustveit.
Dei andre i kullet: Bjarte Skipevåg, Kitty Marie Hustveit Sletteland, Kåre Finnvik (død) og Gunnar Martin Torsteinbø (død).
Kom bli med og syng
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bli med oss på sopptur!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Tid: måndag 5. september kl 17.00 – 20.00
Kor: Oppmøte ved Lorthavn, båthavna på Storøynå
Guide: Lars Dalen. Lars er frå Ølensvåg og seier sjølv at han har litt kjennskap til det som veks i naturen, inkludert matsopp.
Ta med: Noko godt til deg sjølv; ein kaffiskvett for eksempel – og litt å eta på. Kanskje ei lita korg i tilfelle du finn sopp…?
Turen er open for alle - menn og kvinner, unge og gamle
Kostnad: Ingenting
Helsing Imsland Bygdekvinnelag
Program Ørevikvegen 100 år - søndag 21.august
- Detaljar
- Skriven av Bente
Gudsteneste Imsland kyrkje kl 11.00
Felles start med informasjon og veghistorie ved Imslandsgarden kl 13.00.
(Parkering ved bygdahuset eller Imslandsjøen, ca 15 minutt gåtur til Imslandsgarden)
Smårettar anno 1916 langs Ørevikvegen frå kl 13.00 - 15.00
Knokesuppe med grovbrød frå steinovnen på Øvregard
Tørka sild og poteter
Makrell og poteter
Flatbrød, spekemat og poteter
Fløytekolle, sukker og kavring
Havregrynssuppe med saft
20,- pr porsjon
Servering av kaffi og kaker på bedehuset i Imslandssjøen etter vandring langs Ørevikvegen
Jubileumskaka blir tatt fram klokka 15.30
Ordføraren er visstnok glad i kake og har sagt han vil komma
Historietime med Thomas Finnvik klokka 16.00 - på bedehuset: Livet ved Imslandssjøen i 1916
Du kan ellers rusle rundt ved Imslandssjøen og sjå deg om - og feks stikka innom Krambua til Teodor og sjå om det går an å få tak i kandissukker eller andre søtsaker!
Alle er velkomne!!!
Sjølvplukk av blåbær
- Detaljar
- Skriven av Bente
Masse fine bær - amerikanske blåbær - hjå Guri på Hustveit Gard i Imsland
Sjølvplukk: kroner 50,- pr kg
Henvending: Guri, på tlf 976 12 785