Nytt frå bygdahuset 2019
- Detaljar
- Skriven av Bente
Styret i bygdahuset 2019:
Formann: Bodil Imsland
Nestformann: Erik Åsheim
Sekretær: Marie Imsland
Kasserar: Elida Serine Vikre
Styremedlem: Espen Nordtveit
Nytt kontonummer til trimrommet: 3244.66.00175
For kr 1000,- kan du trimma kor mykje du vil i eit heilt år - og du betalar medlemsavgift for kalenderåret.
ÅRSMELDING FOR IMSLAND KYRKJELYD 2018
- Detaljar
- Skriven av Bente
Soknerådet har hatt fem møter og har handsama 23 saker i 2018. Me har ein representant i Vindafjord kyrkjelege fellesråd, ein i felles utval for trusopplæring (FUT), to representantar i diakoni utval, og ein i lokal trusopplæringsutval for Imsland, Vikedal og Sandeid.
Årsmøte Imsland Grendautval
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus måndag 4. mars kl. 19.00.
Saksliste:
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av møteleiar
- Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar
- Årsmelding
- Rekneskap
- Innkomne saker
- Val
- Ymse
Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar Hanne E. Imsland, nestleiar Ann Helen Olsen, kasserar Kristin Schibevaag, sekretær Anette Klungtveit, styremedlemmer Ann Kristin Eikeland og Monika Vanvik.
Vel møtt!
mvh Grendautvalet
Folkemøte i Imsland
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vindafjord kommune har for tida eit pågåande prosjekt for å få folk til å flytta til bygdene våre. I den anledning inviterer Imsland Grendautval alle som bur i Imsland til folkemøte på Imsland Bygdahus torsdag 14. februar 19.00.
Me ønsker å komme fram til kva som må til for å få folk til å flytte til bygda vår. Me ønsker å søke midlar til dette, og treng hjelp av dykk til å finne gode idear!
Håpar de tar turen og vil hjelpa oss med dette!
Helsing Imsland Grendauvtal.
Fotograf Jan Nordtveit viser og fortel om bilder han har tatt
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fotograf Nordtveit har tatt mange flotte bilde. Han er premiert i fleire kategoriar og er også tatt ut på Norge sitt foto-landslag. Tysdag 19.februar kl 19.30 kjem han på bygdahuset for å vise og fortelje om bilde han har tatt.
Me har 40 tilgjengelege billettar til arrangementet som er ope for alle. Her er det førstemann til mølla!
Pris: Gratis for medlemar i Imsland bygdekvinnelag og 200,- for andre.
Kjøp billettar ved å sende oss melding i chatten eller på sms til 47 23 17 35.
ÅRSMØTE 2019 I IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID SOGELAG
- Detaljar
- Skriven av Lasse
i stova på Vikedal bufellesskap mandag 25. februar kl 19.00
Vanlege årsmøtesaker
Program elles:
• Orientering om Vindafjord museum
• Status på arbeidet med bygdebøkene for alle tre bygdene
• Foto frå sogelagsturen 2018
Matøkt
Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!
Tysvær bygdekvinnelag inviterer til treff
- Detaljar
- Skriven av Bente
Inngang kr 150,-
Medlemar i Imsland bygdekvinnelag kan melde seg på til Anita Øvregård, tlf 97118177 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 8.februar.
Innkalling til årsmøte 2019 i representantskapet i Imsland Bygdahus S/A
- Detaljar
- Skriven av Bente
Mandag 18. februar 2019 klokka 19:30 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 4. februar.
Dersom det vert endringar i sakslista blir denne sendt ut innan 11. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.
Førebels sakliste:
Sak 1/2019: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2019: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2019: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2018
Sak 4/2019: Vedtak av budsjett for 2019
Sak 5/2019: Val av leiar for Representantskapet
Sak 6/2019: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 7/2019: Val av Styreleiar
Sak 8/2019: Val av revisorar
Sak 9/2019: Val av nytt medlem i valnemda
Me treng minimum 8 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.
Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.