Allidrett i idrettshallen
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Følg med her for oppdatert info: https://www.facebook.com/Allidrett-for-dei-minste-309362812420828/
Bygdekvinnelaget har hatt årsmøte
- Detaljar
- Skriven av Bente
Styret tok gjenvalg:
Anita Øvregård, Marita Staurland og Sølvi Staurland vart valde for 2 år.
Kristin Hansen, Gudrun Dyrset og Bente Kjos-Wenjum vart valde for 1 år. Gudrun vart vald som leiar.
Laget har fått mange nye medlemar i løpet av det siste året; me har auka frå 15 til 33!
Me satsa på to hovudprosjekt i fjor: Damefest og Heile bygda i bevegelse, som består av 4 turar i 4 årstider.
Me har spennande planar for neste år og - og det blir iallefall ny damefest!
Imslands-elevar på bærtur
- Detaljar
- Skriven av Bente
Elevane på Imsland skule er så heldige å ha ein stor blåbæråker i gongavstand frå skulen. Fredag før haustferien fekk alle dei 27 elevane på skulen koma opp i åkeren og eta og plukka så mykje dei berre ville!
Gullkonfirmantar, Imsland 2016.
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Årets gullkonfirmantar:
Frå venstre: Liv Imsland Gulbrandsen, Bjarne Emil Torsteinbø, Liv Norunn Hustveit Bakkedal og Bodhild Åsland Hustveit.
Dei andre i kullet: Bjarte Skipevåg, Kitty Marie Hustveit Sletteland, Kåre Finnvik (død) og Gunnar Martin Torsteinbø (død).
Kom bli med og syng
- Detaljar
- Skriven av Bente
Ørevikvegen 100 år
- Detaljar
- Skriven av Lasse
Bedehusbasaren ved Imslandsjøen 12.07.16
- Detaljar
- Skriven av Jolaug
Komiteen kom saman kl 16.30, og før kaffien kom på kok, kom dei første gjestene for å sikra seg plass. Køen gjekk etterkvart langt bort i kyrkjegata.
Me var så heldige å få ”Belgtøttene” til å spela for oss. Dei spelte først i garasjen til Theodor og seinare inne i salen. Skikkeleg friske takter!
Hovudlotteriet var på bok, og dei som skreiv hadde ein travel kveld. I tillegg var det to omgangar med åresalg.
Olav Vagle delte fleire bibelord med oss.
Det var ein veldig fin kveld med fullt hus. Folk drøsa og kosa seg og fekk servert kaffi og kaker. Sjå bilete nedafor/her
Me fekk inn 28.000 kr.
Soknerådet vil takka alle som kom med gevinstar til basaren og alle som kjøpte lodd, og ynskjer alle ein fortsatt god sommar!