17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype
Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.
Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.
Resultatliste:
Proffane gjekk 2 rundar:
1. Alexander Aursland - 83 kast
2. Tor Johnny Eikemo - 84 kast
3. Jone Eide - 84 kast
4. Morten Svandal - 86 kast
5. Frode Myklebust - 89 kast
6. Roger Madsen - 92 kast
7. Sverre Tveit - 93 kast
8. Håkon - 95 kast
9. Nils Rune Hanson - 95 kast
10. Pekka - 103 kast
11. Cathrine - 118
Glade amatørar, 1 runde:
1. Terje Ersland - 62 kast
2. Bård Ersland - 67 kast
3. Helge Hummervoll - 80 kast
4. Olav Hummervoll - 90 kast
5. Turid Rønnevik - 91
6. Bente Kjos-Wenjum - 90 kast (men stod over posten ved Litle Preikestolen)