- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Som ein del av trusopplæringa har sokneråda i Vindafjord sett i gong ein dåpsskule for 6- og 7-åringane i kommunen. Dåpsskulen er kalla "Den store skattejakta" og er leia av Berit Stople og Lillian Eikeland. I Imsland har dei hatt 4 samlingar i kyrkje og bedehus, og avslutninga vart lagt til familiegudstenesta 14. april.
Les meir: Avslutning av dåpsskulen "Den store skattejakta" 14. april.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Både private og offentlege vegar i Vindafjord skal få navn.
No ligg det føre eit høyringsutkast som er sendt til uttale. Frist for å komma med merknad og innspel er 11.05.13.
Du finn oversikt over forslaget på heimesida til kommunen.
Kontakt prosjektleiar Berit Hetland (53656563 / 46425445) viss du har spørsmål
- Detaljar
Oppdatering av informasjon på Imsland.info:
Etter årsmøta må alle senda oppdatert informasjon på e-post til meg eller Bente. På Imsland.info er det t.d. styret for 2010 som står under "Grendeutvalet". Alle lag må sjekka dette!
Helsing Lasse! Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Jan Nordtveit sitt bilde av Valdemar Svortevik fekk årets einaste gullmedalje i konkurransen Årets fotograf. Les meir og sjå bilde her.
- Detaljar
- Detaljar
- Skriven av Bente
Grunnen til dette er at innredningsprosessen på loftet likevel skal utføres av dugnadsgjengen som opprinneleg var i gang med arbeidet. Dette skal skje i de nærmeste månedene.
Loftet skal etter planen drives som en del av huset. Når rommet er ferdig innreda planlegges det en offisiell åpning og et allmøte. Der skal alle interessene rundt drifta av loftet samles, en finner ordninger for bruken av rommet, og en starter forhåpentligvis mange aktiviteter.
Som andre deler av bygdahuset vil loftet stå til disposisjon for alle i bygda. Det blir en aldersgrense tilpassa ungdommen og en vaktordning som de voksne brukerene og foreldre av ungdommene skal delta i.
Rommet innredes først og fremst med tanke på ungdom, men det blir muligheter for alle alderstrinn. Rommet skal ha et kjøkken, en sofakrok, ei bokhylle med plass til litteratur, stoler, projektor, lerret og høytalere (kino), et musikkhjørne med en liten scene og noen få instrumenter. Mulige bruksområder er f.eks. møtestad for ungdom, 4H møterom, kinorom, musikkrom, datarom, bibliotek (bøker/blader/filmar), kaffistova, aviskrok.
Styret IBH
- Detaljar
- Skriven av Bente
Edvard Imsand er med i radioprogrammet Naturens verden, som var sendt i dag tidleg. Du kan høyra programmet her: http://radio.nrk.no/serie/naturens-verden/dvna02000913/03-03-2013
Edvard er med frå ca 13.35 minutt ut i programmet.
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Imsland sokneråd har mottatt informasjon om at avdøde Arne Døske har testamentert kr 200.000,- til Imsland kyrkje og kr 200.000,- til Imsland bedehus. Pengane skal setjast på konto og avkastninga brukast til vedlikehald av kyrkja og av bedehuset.
Arne Døske er son av Syvert og Anna Døske som dreiv butikk ved Imslandsjøen fram til 1970-talet. Han vart gift med Inger, og som nygift bygde han og foreldra ny tomannsbustad ved Imslandsjøen med butikklokale i kjellaren. Begge borna, Syvert og Christine er fødde her. Ekteskapet vart oppløyst og familien flytta frå bygda.
Arne reiste tidleg til sjøss og arbeidde som stuert heile livet. Han døydde siste nyttårsafta på tur med hurtigruta, kor han tidlegare hadde jobba i fleire år. Han budde nå i Haugesund. Nyleg gav han også ein million til Redningsselskapet.
Imsland sokneråd vil på vegne av soknet takka Arne Døske og familien for denne fine gåva og lyser fred over hans minne.
- Detaljar
- Skriven av Bente
FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små