- Detaljar
- Skriven av Anita Øvregård
Det vart ein fantastisk triveleg kveld på Øvregard med flotte tre og mosekuler. God julestemning og masse gløgg!
- Detaljar
- Skriven av Anita Øvregård
Fredag 29 nov kl 20 blir det juleverksted på låven hjå oss på Øvregard. Der skal me lage fine juletre av mose. Juletrea er like fine inn som ute. Me skal kose oss med rømmegraut og gløgg. Varmedress passe fint:-).
Det kostar 200,- for heile pakken med mat og materiell.
Påmelding innan kl 12 fredag 29/11.
97 118 177 for meir info. Mvh Anita Øvregård
- Detaljar
- Skriven av Hanne Eikemo
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 21.11.2013 kl. 19.30.
Saksliste:
1. Godkjenning av innkalling og saksliste
2. Val av møteleiar
3. Val av 2 til og skriva under i møteboka saman med møteleiar.
4. Årsmelding
5. Rekneskap
6. Hjartestartarkurs- kven skal me sende/vil på kurs?
7. Innkomne saker
8. Val
9. Ymse
Innkomne saker må vera kome til ein i styret 7 dagar før årsmøtet, anten Sølvi Staurland, Elisabeth Staurland, Anita Øvregård, Anette Haugland, Margunn Fjetland, Ann Kristin Eikeland eller Hanne E. Imsland.
Det blir noko og bita i.
Vel møtt!
- Detaljar
- Skriven av Oddvar Haugland
Du kan kjøpa Theodora og/ eller Molly av oss.
Shetlandsponnyen, Kompis, søkjer og ein ny heim.
Kontakt Åse og Oddvar på Haualand.
Tlf: 90867619 / 97090183
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Det var ei koseleg og fin hausttakkegudsteneste søndag 29. sept. Under gudstenesta var der også utdeling av "Mi kyrkjebok" til fire-åringane.
Det var ein flott inngong med barn frå bygda som bar inn frukt og grønsaker frå avlinga i haust. Dei nye konfirmantane tok del i gudstenesta, las forbøna og tende lys.
Kasper Rønnevik og Celine Rønnevik var fire år og fekk utdelt bok og CD. Lillian Eikeland song med dei og fortalde om boka dei skulle få.
Takk til bygdekvinnelaget som pynta og kom med frukt og grønsaker . Takk også til presten vår Harald Eintveit. Bygdekvinnelaget takkar for pengegåva til misjonsprosjekt dei støttar i Sambolabo,i Kamerun.
Soknerådet
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den "nye" vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.
Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt. Arbeidet skal vere ferdig i desember.
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
I år var det Imsland sin tur til å stella til fest for gullkonfirmantane i Imsland, Vikedal og Sandeid sokn.
Søndag 8. sept. møtte 50-årskonfirmantane til gudsteneste i kyrkja kl 11.00.
Etterpå vart det servert middag med kaffi og kaker på bygdahuset.
Soknepresten leia festen og dei 30 påmelde konfirmantane med følge såg ut til å kosa seg i lag. Klikk på bileta for stor versjon
Soknerådet
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Detaljar
- Skriven av Bente
Dei kjem som ei åsgårdsrei
når dei bylivet gjeng lei.
Dei klappar på sau
og dei jagar på stut.
Men kva er no igjen etter dei?
Jo, det som ikkje kan vaskast med klut!