Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Endeleg snart 17.mai igjen! 

 Grendautvalet nytta godværet godt og melder no at den årlege plantedugnaden  er unnagjort! Det blei skikkeligt fint!!!

Søndag 7.mai skal Liva Imsland konfirmerast i Vikedal kyrkje. Ho er einaste konfirmant frå Imsland dette året. Gratulerer til Liva og håpar dagen blir fin!

Det var ein god gjeng som rydda på kyrkjegarden, både Soknerådet men og frivillige. Det vart brukt krafser, brakjesakser, river, gaffler og malerkost.
Ved godt mot gikk alle til arbeid og kaffepause.
Helsing Soknerådet
 

Det vert halde  årsmøte i representantskapet for året 2016 på Bygdahuset tirsdag 21. mars klokka 19.30
I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:    

1. Årsmelding og reknskap
2. Framlegg til budsjett for komande år.
3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)
4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.
5. Val av revisorar
6. Andre saker som står på saklista.

Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende  seinast 2 veker før møte.
Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.

Leiar i representantskapet. Sverre Hustveit  – Tlf. 47269900,
epost:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Festinvitasjonane manglar klokkeslett - men festen startar kl 19.30. Velkommen!

Søndag 12.mars blir det fellestur "Krutle Rundt". 

Oppmøte og parkering i tunet nedanfor Arne og Marit, klokka 12.00.

Me går langs vatnet og ein rundttur på skogsvegen og tilbake igjen, ca 3 - 4 km i lett terreng. Fin skogsveg stort sett heile vegen - og går an å ha med barnevogn.

Me har med bålpanner og det blir mulighet for grilling så ta med deg det du vil eta og drikka. Og kanskje eit sitjeunderlag! 

Håpar du vil vera med oss på tur! Helsing Imsland Bygdekvinnelag

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716