Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Ein gløymer aldri folk som får ein til å mimra om gode gamle dagar og spørja naboen på ein bygdefest frå gong til annan "Minnast du då. . . ?".

Dei set synlege spor etter seg og blir ofte hugsa når bygdefolket kjem i lag og praten begynner å gå.



Foto: Per og Ann Sønnøve Hustoft med dei to yngste borna, Marthe og Geir Atle, på ferie i Luxor i Egypt i mars 2009.

Per Hustoft, revysjefen i Imsland den gongen Imsland hadde eigen revy, er ein slik person som den dag i dag vert omtalt som drivkrafta bak revylivet og ungdomslaget i bygda. Han var forfattar og skodespelar i sketjane, men Per Hustoft la hobbyen til sides då han flytta sørover for omtrent 20 år sidan.

Men har han ikkje gløymt verken Imsland eller revy. . .

Kvifor flytta du?

Det var jo den berømte kjærleiken det då.

Kvar bur du no?

Eg bur i ei lita bygd som heiter Spind med ca 1000 innbyggjarar. Den ligg i Farsund kommune i Vest Agder.

Har du familie?

Eg og kona mi Ann Sønnøve har tre barn. Tor Inge på 21 er utdanna i transportfag og køyrer vogntog. Han har kjøpt leiligheit i Lyngdal og bur der.
Marthe på 19 har dei siste 7 månadane vore i Uganda der ho jobbar på ein skule for gatebarn. Me besøkte ho der i november. Det var ein fin og interessant tur.
Det er berre yngstemann Geir Atle på 17 som bur heime. Han går på vidaregåande i Farsund. Men han skal til Tyskland som utvekslingsstudent til hausten, så då vert me åleine i huset.

Kva jobbar du med no?

Eg avslører meg nok som ein nokså kjedelig type, for eg har same jobben som eg hadde då eg budde i Imsland, nemleg som sjåfør i Tine, tilsett på meieriet i Kristiansand. Ein super jobb. Elles har me ein liten gard der me driv med mjølkekyr og litt sau.

Du seier du har ein super jobb. Kvifor trivst du så godt på jobben?

Det er kanskje litt på kanten å skryta uhemma over jobben sin når ein ikkje har hatt nokon anna jobb på 30 år men eg synest at i Tine der er alt på stell. Ein slepp krangle om sosiale godar og overtidsbetaling  som ein kanskje må gjera andre plassar. Her går det av seg sjølv. Eg er jo klar over at det sikkert er nok av karslige konsulentar i Tine óg, men eg er så gamal no at det bryr eg meg ikkje om. Ei anna sak er friheita. No har eg luffa rundt med mjølkebilen i 30 år og er etter kvart blitt ein folkesky einstøing som synest det sosiale blir tilfredstilt gjennom samtalar med bøndene i tankromma og med kollegaer på meieriet seinare på dagen. Ein kjenning av meg frå Sandeid som har køyrt buss like lenge som eg har køyrt mjølkebil spurde meg her i vår om eg ikkje heller ville begynne å køyra buss. Då svara eg at det var OK hvis han kunne garantera at eg ikkje fekk med nokon passasjerar, for i min jobb kan ein vera så sur som ein vil og ha vondt i magen om morgonen; det er berre å hoppe inn i mjølkebilen og gje full gass.

Kva gjer du på fritida?

Når ein er deltidsbonde så er jo fritida litt avgrensa, men eg og kona mi likar godt å reisa både inn- og utanlands. Ellers går eg mykje i fjellet saman med bror min Hallvard både i fjellet i Imsland og elles rundt i Norge.

Du er hugsa som ei drivkraft bak revymiljøet i Imsland. Korleis ser du på den tida no?

Det er vel noko av det kjekkaste eg nokon gong har vore med på. Eg kan godt hugse forventningane og spenninga før ein revypremiere……OG FESTEN ETTERPÅ.

Gjer du noko kreativt no? Er du med på nokon revy eller liknande?

Eg trur nok at revyåra var uttørka då eg flytta frå bygda, etter 7 revyar på 9 år så eg er ikkje med på noko slikt no. Fantasien har eg i behold, men brukar den kun til å plaga mine næraste med.

Elles har eg ein liten draum at me ein gong kunne laga Imslandsrevyen Greatest hits.

Du har vore med i kommunestyret i ein periode då du budde i Imsland. Korleis ser du på den tida no?

Eg sat i kommunestyret for Imsland og Vikedal Bygdeliste frå 87 til 90. Var då også formann i kulturstyre og dyrevernsnemda og fekk den store dyretragedien i Vats midt i fanget. Vart kanskje kurert frå politikken av den grunn. Fekk også saker som nedlegging av Mo skule og bygging av symjehall i Vats og det var ikkje berre lovord å høyra vedrørande desse sakene.

Er du politisk engasjert no og? Kva saker i så fall er du oppteken med og kvifor?

Eg er ikkje med i nokon form for politkk. Står som regel som listefyll på Senterpartilista i Farsund. Men det kan vera ille nok i tjukkaste FRP land. Men eg er jo framleis oppteken av landbruks- og distriktspolitikk.

Du var også aktiv i ungdomslaget og er generelt hugsa som ein persom som sette spor etter seg i Imsland. Var det vanskeleg å reisa ifrå det du bygde opp i heimabygdå? Er du like aktiv der du er no?

Det var sjølvsagt vanskelig å flytta frå Imsland for ein "himføing" som meg, men ein får jo litt meir perspektiv på ting når ein flyttar. Dessutan har eg ein flott familie, trivelige naboar og ein jobb som eg trivst svært godt i med gode kollegaer, så livet er godt også i Spind. Og Imsland er berre 5 timar unna. Men eg er ikkje så mykje aktiv i bygda som eg var i Imsland. Då me etablerte oss her for snart 20 år sidan hadde me 3 små ungar etterkvart  og nye jobbar så det var ikkje tid til så mykje anna. No er tida betre, men giddalausa større.

Kva saknar du frå det du hadde heime?

Eg saknar litt det å bu i ei bygd som er så lita at alle kjenner alle. Dessutan slekt og vener. Og fjellet.

Når pleier du å besøkja Imsland?

Ca 6-7 gonger i året, alt etter som...

Kor føler du at du høyrer til no?

Sjølv om det er 20 år sidan me flytta så føler eg meg som ein skikkelig inngrodde innantebu ennå.

Utanom forandringane i familiesituasjonen, har det skjedd noko nytt i livet ditt som du ville fortelja til gamle og nye imslandsbuar?

Som eg har sagt før så trivst eg godt i bygda eg bur i, og som Imsland er også Spind ei utkant bygd i ein utkant kommune i fylket. Men eg føler jo at det er nokså mykje Imslandbu i meg ennå og det er ein fantastisk følelse når eg er på veg til Imsland, kjem over Røssmyra og får sjå Kaldanuten i det fjerne.

Ellers har eg litt dårleg samvit for at eg har vore lite flink til å halde kontakt med vener og kjenningar spesielt frå ytre del av bygda. Dette er ikkje med forsett. Eg er nokså ofte i Imsland men det blir litt korte besøk. Så då ein har besøkt slekt og vener innanføre, vore med broderen på forefallande gardsarbeid og vore ein tur til fjells så er eg plutselig på Boknabruna igjen på veg sørover.
Men eg har framleis ambisjonar om å gje meg betre tid når eg er i Imsland så me får berre vente og sjå.

Til slutt litt eigen reklame: Siste prosjekt her på garden i Spind er eit hyttefelt så til dokke Imslandsbuar som drøymer om hytte på Sørlandet er det obs obs.

Heilt til slutt ein helsing til alle i Imsland. Me talast!  

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716