Folkemøte i Imsland 15.mars
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det vert folkemøte på bygdahuset 15.mars kl. 19.00 - 20.30 på kommunedirektøren sitt framlegg til barnehage- og skulebruksplan.
Saka skal opp til politisk handsaming i juni 2022.
Folkemøta blir primært informasjonsmøte, der det blir høve til å stilla spørsmål kring planutkastet. Desse møta vert ikkje rekna som høyringsmøte med referatføring.
Me oppfordrar alle til å møte opp og vise interesse for skulen og barnehagen!
Planframlegget til kommunedirektøren finn du her: Planutkast - Vindafjord kommune
Rapporten frå Norconsult: Rapport og høyringsinnspel 2021 - Vindafjord kommune
Ny fv. Skipavåg - Iglatjørn
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Rogaland fylkeskommune skal digitalt folkemøte om ny fv. 46 Skipavåg – Iglatjørn 8. mars kl. 17.00.
I tillegg til det digitale folkemøtet, blir det og open kontordag på Imsland bygdahus 11. mars kl. 11.00-17.00.
Her er linken til det digitale møtet: Digitalt folkemøte Skipavåg – Iglatjørn
Meir info om prosjektet finn de på kommunen sine nettsider
https://www.vindafjord.kommune.no/aktuelt/inviterer-til-digitale-folkemote-og-opne-kontordagar.487838.aspx
Nei til nedleggelse av Imsland skule og barnehage!
- Detaljar
- Skriven av Grendeutvalet
Til deg som ønsker eit levande Imsland og levande bygder. Signer, støtt oppropet mot nedlegging av Imsland skule og barnehage. Bli med i kampen for
Oppropet er laga på vegne av foreldrerepresentantane FAU og foreldrerepresentantane i barnehagen -ved Imsland skule og barnehage . Saman med Imsland Grendautval, som alle arbeider for å behalde barnehage og skule i bygda.
Me ønsker ei levande bygd med skule og barnehage.
Støtter du denne kampanjen? Gå inn HER
BYGDAMØTE OM BARNEHAGE-OG SKULEBRUKSPLANEN
- Detaljar
- Skriven av Grendeutvalet
Imsland grendautval arrangerar bygdemøte der saka er barnehage-og skulebruksplanen.
Møte vil vera på Imsland bygdahus torsdag 24.februar klokka 19.30.
Det er viktig at DU stiller, uansett alder, angår dette deg så lenge du bur i bygda. Tilbud om barnehage og skule påverkar bygda og livet her.
Dette vil vera eit møte utanom folkemøtet med kommunen. Kor me kan komma saman og sjå på konsekvensar og kva me ønskjer her i bygda.
Me håpar alle som har anledning møter!
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Konsert med Lydia og Håvard, Vikedal kyrkje
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 13. februar 2022 klokka19:00
Lydia Haugan Helland og Håvard Ersland duo
Årsmøte Imsland grendautval
- Detaljar
- Skriven av Bente
Velkommen til årsmøte i Imsland Grendautval 2022
Dato: 23.02.22
Tid: 19.00
Stad: Imsland bygdahus
Sak 1: godkjenning av innkalling og saksliste.
Sak 2: Val av møteleiar.
Sak 3: Val av to til å skrive under i møteboka saman med møteleiar.
Sak 4: Årsmelding.
Sak 5: Regnskap.
Sak 6: Innkomne saker/ymse.
Sak 7: Val av nye medlemmer i styret.
Dersom du har saker kan dei sendast til:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Innkalling til årsmøte 2022 i representantskapet i Imsland Bygdahus S/A
- Detaljar
- Skriven av Morten Svandal
Onsdag 16. februar 2022 klokka 20:00 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 2. februar.
Endeleg saksliste blir publisert på denne sida innan 9. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.
Foreløpig saksliste:
Sak 1/2022: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2022: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2022: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2021
Sak 4/2022: Vedtak av budsjett for 2022
Sak 5/2022: Val av leiar for Representantskapet
Sak 6/2022: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 7/2022: Val av Styreleiar og nestleiar
Sak 8/2022: Val av revisorar
Sak 9/2022: Val av nytt medlem i valnemda
Me treng minimum 6 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.
Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Det BLIR julekonsert i Imsland søndag 19. desember
- Detaljar
- Skriven av Bente