- Detaljar
- Skriven av Bente
4H-klubben i Vikedal inviterer til sandvolleyballturnering torsdag 26. august. Alle 4H-arar i Imsland kan vera med. Møt ved buss-stoppen i Ølmedal i god tid så tek me 17:50-bussen til Vikedal. Me kjem heim med bussen som er i Ølmedal omlag klokka 21:00. Heia Hauk!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Dei yngste 4H-medlemane i Hauk hadde ein fin og aktiv sommarkveld på Frønsdal aktivitetssenter i Ølen tysdag 1. juni.
Riding, kanopadling, aktivitetar, leik og grilling stod på programmet.
Jan Sverre Frønsdal driv senteret og hadde fylgjande tilbakemelding til 4H-foreldra i Imsland: Ein kjekk og godt samansveisa gjeng det er kjekt å ha besøk av. Er det ikkje flott?
Du finn bilete frå Frønsdal her.
- Detaljar
- Skriven av Bente
4H-klubben hadde medlemsmøte på Bygdahuset sist fredag med gjennomgang av oppgåvene og klubbframføring. Utpå kvelden dekka me eit fint festbord og koste oss med taco og kake til dessert. Medlemane fekk tilbod om å overnatte, og gymsalen vart gjort om til ein kjempestor sovesal der 25 medlemar overnatta.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Ta med boka di (dersom du har fått den) og noko å skrive med og møt på Bygdahuset torsdag 14. januar klokka 18:00.
Me snakkar litt om prosjektoppgåva, avtale og plan. Ellers har styret lagt opp eit variert og kjekt program. Vel møtt!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Torsdag hadde 4H-gjengen julemøte i barnehagen. Me lagde marsipangodterier, hadde besøk av ein artig, gammal nisse og hjelpenisseassistent Hussain og me leita etter mandel i grauten. Heldige Leiv Vidar!
No tek Hauk juleferie. God jul alle! Me møtest igjen i januar.