- Detaljar
- Skriven av Bodil og Edvind
Laurdag 28.januar blir det skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i Hauk 4H. Juniorane får også tilbod om å reisa til Svandal denne dagen, så her er det berre å velge og vrake:-)
Me møtest på bygdahuset klokka 11.30 og kjører samla til Fjellstøl. Bodil og Edvind blir med som "reiseleiarar", men me håpar mange foreldre og sysken blir med slik at me får ein koseleg familiedag i snøen.
Me går ein runde i lysløypa (ikkje langt!) før me rastar utanfor eller inni varmestova (alt etter ver og temperatur).
Etterpå kan dei som vil kosa seg i skiløypene.
Ta med ski, niste, varm drikke og godt humør. Kle deg godt!
Gi beskjed til Bodil (99025829) innan torsdag om du blir med, slik at me kan ordna skyss til alle. Me treng nok fleire sjåførar, så det er flott om fleire foreldre (og sysken) hiv seg med!
Bli med då vel, me tek ut så sant det er snø å gå på;-) Helsing Bodil (mobil 99025829) og Edvind.
- Detaljar
- Skriven av Bente
Har du bestemt deg for 4H-oppgåve til neste år???
Siste frist for å velja oppgåve er 10.januar!!
Gi beskjed om oppgåvevalet ditt til ein av klubbrådgjevarane:
Anita 97118177
Anne Gro 97147773
Bodil 99025829
Nå ligg årsplanen for 2012 ute på nett. Print den ut og heng den på kjøleskåpet ditt! Så kryssar me fingrane for endå eit kjekt 4H-år med mange spennande aktivitetar!
Helsing klubbrådgjevarane
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fredag 23.oktober laga Hauk 4H festkveld på bygdahuset. Den årlege haustfesten, der medlemane stiller ut arbeidet sitt, lagar underhaldning og serverer mat, samlar små og store til ein triveleg kosekveld. Haustfesten markerer at eit 4H-år er slutt, og medlemane mottek synlege bevis på at dei har fullført prosjekta sine. Gratulerer til Bjørn Tore Sele Kaldheim som har fullført heile 4H-løpet og som mottok plaketten dette året!
- Detaljar
- Skriven av Bente
No er kanoane klare til bruk igjen! Hauk 4H kjøpte i fjor tre kanoar som ligg ved «Stien» i Ølmedal.