Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Onsdag 11. november er det årsmøte i 4H.

Me startar kl 18:00 og reknar med å avslutta ca kl 20:00.

Alle medlemmer, også eventuelle nye, er velkomne til å vera med! Kanskje du har lyst til å sjå korleis me har det i 4H?

Eventuelle saker kan meldast til Bjørn Tore eller klubbrådgjevarane.
Det er komme framlegg om å nytte overskotet frå fylkesleiren til det nye allrommet på Bygdahuset. Kva meinar du om det?

Styret som har vore i året som gjekk:
Bjørn Tore, Arne Egil, Svein Kjartan, Cathrine og Anette.

Alle desse går ut av styret no, så me må velja fem nye på onsdag.
Har du lyst å vera med - eller har du forslag til styremedlemmer,  kan du sei ifrå til Elisabeth, Hege eller Bente. ( styremedlemmer bør vera junior eller senior)

Program:
Val av nytt styre
Lysbilde frå fylkesleiren i Vikedal
Val av prosjekt/ oppgåve neste år
Har du framlegg til aktivitetar neste år?
Leikar
Det vert servert tradisjonell årsmøtemat!


Hege har vore klubbrådgjevar i to år og gir seg no. Takk for god innsats Hege!
Gro Anita tek over stafettpinnen. Velkommen Gro Anita!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716