Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Me vil igjen ønskja velkommen til Ølmedal Rundt, eit av dei eldste og mest tradisjonsrike mosjonsløpa i vår region. Som alltid blir løpet arrangert 2.pinsedag, og dette året blir det feiring i Ølmedal for turgåarar, barn, aktive og publikum 20.mai 2024.  

 

Ølmedal Rundt-arrangementet starta i det små i 1984 med ca 50 deltakarar, og hadde eit toppår i 2004 med over 1200 deltakarar. Dei seinare åra har løpet samla ca 500 – 600 deltakarar.

Mange kjendisar har vitja Ølmedal gjennom åra, bl.a. Ole Einar Bjørndalen, Petter Northug, Sjur Røthe, Anders Aukland og Liv Grethe Skjelbreid

Me legg opp til ei strålande feiring, og håpar mange finn vegen til Ølmedal denne mai-dagen, seier løpsgeneral Lars Olav Larsen.  Mellom anna gler me oss til at verdsmeistar Pål Golberg kjem for å delta på arrangementet. Goldberg har fleire VM-gull i langrenn, og nådde heilt til topps i VM i Planica på 50-kilometeren i 2023, der han slo Johannes Høsflot Klæbo i spurten.

Ein heldig vinnar får gåvekort på 4000,-, som blir trekt ut blant dei frammøtte. I tillegg trekkjer me 6 gåvekort a 600,-, blant alle som deltek i tur/ trimklassen, fortel Larsen.  

Løypa rundt Ølmedalsvatnet er ca 7 km, går på asfaltert veg i lett kupert terreng. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar, rullestolbrukarar og barnevogner.

Barneløypa går i ein eigen trase i nærleiken av bygdahuset, og er ca 400 meter lang. Som vanlig startar barneløpet rett etter aktiv klasse, og dei yngste løparane blir heia fram av publikum som står tett ved startområdet.

Vindafjord Idrettslag og Imsland Bygdahus gler seg til arrangementet og ønskjer velkommen til folkefest med mosjonistklasse, aktiv klasse og barneløp, i tillegg til stort matsalg med grillmat, sveler og eit fantastisk kakerbord ved Imsland bygdahus.


FAKTA:
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 20.mai 2024
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km.
Barneløp, trimklasse/familieklasse og aldersbestemte konkurranseklasser.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassane, dvs aldersbestemte klassar i tillegg til dame- og herreklassen.
Tilgang til dusj og garderobe for løparane.
Start tur- trim - familieklasse frå kl 10.30.
Start aktiv klasse kl 14.00.
Start barneløp kl 14.05.
Meir informasjon om løpet finn du på Ølmedal Rundt si Facebookgruppe.
Påmelding via Eqtiming.no
Deltakarar i barneløpet melder seg på ved bygdahuset på løpsdagen. Vi kan og hjelpa til med manuell påmelding for tur-trim klassen på løpsdagen.

Kontaktinformasjon:
Lars Olav Larsen
Mob: 97650640
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716