Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Me vil igjen ønskja velkommen til Ølmedal Rundt, eit av dei eldste og mest tradisjonsrike mosjonsløpa i vår region. Som alltid blir løpet arrangert 2.pinsedag.

Ølmedal Rundt byrja litt forsiktig i 1984, og vert altså arrangert for 39.gong dette året. Arrangementet «tok av» frå 1987, og det er frå det året det blir rekna antall år deltaking.

Løypa er på ca 7 km, og går rundt Ølmedalsvatnet, på asfaltert veg i kupert terreng. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar, rullestolbrukarar og barnevogner.

Vindafjord Idrettslag og Imsland Bygdahus håpar mange finn vegen til Ølmedal 2. pinsedag, og legg opp til ein folkefest med mosjonistklasse, aktiv klasse og barneløp, i tillegg til stort matsalg med grillmat, sveler og kaker, drøs og god stemning ved bygdahuset og rundt det vakre Ølmedalsvatnet.  

Mange idrettspersonlegheiter har vitja arrangementet gjennom åra, bl.a. Ole Einar Bjørndalen, Petter Northug, Sjur Røthe, Anders Aukland, Liv Grethe Skjelbreid, i tillegg til svært gode løparar som Uhrige Buta, Susanne Wigene, og våre «eigne» Maryna Novic og Ragnar Stølsmark

Me inviterer alle til å delta i fotokonkurransen som vil føregå på Instagram, under hashtaggen «Ølmedal Rundt». Tema for konkurransen er Mitt Ølmedal Rundt.


FAKTA:
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 29.mai 2023
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km, kiosksal ved Ølmedal camping.
Barneløp, trimklasse/familieklasse og aldersbestemte konkurranseklasser.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassane, dvs aldersbestemte klassar i tillegg til dame- og herreklassen.
Tilgang til dusj og garderobe for løparane.
Start tur- trim - familieklasse frå kl 10.30.
Start aktiv klasse kl 14.00.
Start barneløp kl 14.05.
Meir informasjon om løpet finn du på Ølmedal Rundt si Facebookgruppe.
Påmelding via Eqtiming.no
Deltakarar i barneløpet melder seg på ved bygdahuset på løpsdagen. Vi kan og hjelpa til med manuell påmelding for tur-trim klassen på løpsdagen.

Kontaktinformasjon:
Lars Olav Larsen
Mob: 97650640
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716