Gjennom satsinga Gode VIBar skal arbeidsgrupper frå Vikebygd, Imsland og Bjoa jobba fram nye
prosjekt som kan fremja bygdene for nye innbyggjarar, ny næring og som reisemål.
I mai deltok grendeutvala i Bjoa, Imsland og Vikebygd på ideverkstad for idear som kan auka bulyst,
skaparlyst og besøkslyst i dei tre bygdene. Ideane frå verkstaden er utgangspunktet når
arbeidsgrupper nå skal gira opp attraktivitetssatsinga si gjennom Gode VIBar (VIB = Vikebygd,
Imsland og Bjoa). Ei ressursgruppe med utvalde representantar frå dei tre grendene, Vindafjord
kommune og Rogaland fylkeskommune har etter sommarferien jobba med innspela etter
ideverkstaden, og har byrja arbeidet med å konkretisere realistiske og gjennomførbare prosjekt.
Gruppa sitt hovudmål er å auka innflyttarar i dei tre bygdene, primært i aldersgruppa 0-45 år. Dette
vil ein oppnå gjennom konkrete innovasjonsprosjekt knytt til bustader, næringsutvikling og reiseliv.
Arbeidet med å velje ut konkrete prosjekt blir nå tatt vidare av tre ressursgrupper og ei styrings-
gruppe. Grendeutvala har blitt oppfordra til å finne to ressurspersonar frå kvar bygd til dei tre
gruppene, som vil bli blanda med personar frå dei ulike grendene.
– For å lykkast med stadutvikling og målet om fleire innbyggarar er det avgjerande å arbeide saman.
Det er viktig å ha eit eigarforhold til staden og det er avgjerande å ha med lokalt næringsliv. Gode
VIBar starta bra frå starten av ved å sjå fordelen av å løfte i lag om felles utfordringar, seier
kommunalsjef i Vindafjord, Anne Sofie Sandvik.
Gode VIBar er eit underprosjekt av Vakre Vindafjord, attraktivitetsprosjektet som sidan 2018 har
jobba for meir systematisk marknadsføring av kommunen som eit attraktivt bualternativ. Fleire
aktivitetar er gjennomført sidan 2018, og Gode VIBar er nyaste satsinga. I samband med
vidareføringa blei kommunen invitert med i den såkalla Rogalandsmodellen, eit verktøy nytta for
stads- og næringsutvikling som fram til 2023 blir gjennomført i fleire distriktskommunar i Rogaland.
– Gjennom Rogalandsmodellen skal me identifisera konkrete stads- og næringsutviklingsprosjekt som
byggjer på spisskompetansen og fortrinna kommunen har, og korleis me kan bruka ressursane til å
skapa nye tilbod. Nytenking er viktig for å nå målet, samstundes som ein skal styrka eksisterande
aktivitet. Det vil også bli sett fokus på aktivitet som vil gjelde heile kommunen. Vindafjord har eit
innovativt og spanande næringsliv som vil vera attraktivt for framtidige busette, seier prosjektleiar
Heidi Skifjell i Rogaland Fylkeskommune.
Rogalandsmodellen vil vera eit viktig verktøy i arbeidet for auka folketal i Vindafjord, meiner
Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik.
– Rogalandsmodellen skal løysa konkrete utfordringar gjennom eit samarbeid med interne og
eksterne ressursar. Fylkeskommunen si rolle er blant anna å hjelpa til med å skaffe den rette
kompetansen som saman med lokale krefter kan løfte prosjekta, samt gje råd om økonomiske
verkemiddel som kan knytast til aktivitetane. Rogalandsmodellen skapar engasjement og sikrar
samarbeid mellom regionalt og lokalt nivå, lokalt næringsliv, grendeutval og engasjerte
enkeltpersonar. Rogalandsmodellen skal sikre gjennomføring av spennande innovasjonsprosjekt og
då blir det veldig kjekt å jobbe. Engasjementet i gruppa er stort og eg har stor tru på prosjektet Gode
VIbar i Vindafjord og Rogalandsmodellen som metodikk for fleire prosjekt i kommunen. Det er også
viktig og kjekt at me har med Fikse næringsforening og Medvind24 Næringshage i dette arbeidet. Dei
er viktige med tanke på lokale verkemiddel, kjennskapen til lokalt næringsliv og fordelen av
kontinuitet frå næringslivet inn i fleire slike prosjekt framover.