Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Korpset har hatt den første øvinga dette året, og sjølv om me er få er me ved godt motcool  Det er snart 3 år sidan sist me spelte, men klarer framleis å få lyd i instrumenta og er innstillte på å spela 17.mai.

Men me er litt for få dette året, og vil oppfordre alle som har spelt tidlegare til å bli med! Me er heilt i beit for stortromme, så blir veldig glad viss nokon vil ta denne rollen, og slå takten for oss. Ellers har me rikeleg med ledige blåseinstrument. 
Me har bestemt oss for å droppe marsjeringa, og satsar på å spele 3 - 4 låtar ved bygdahuset.
Håpar du har lyst å bli med! Me kan lova deg god mottaking og god stemning på øvinganesmile
Neste øving er torsdag 28.april kl 19.30, oppe på bygdahuset. Lurer du på noko kan du ta kontakt med Linda, tlf 412 13 742 eller Steinar, tlf 950 59 615. 
Hurra for 17.mai!

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716