Onsdag 19. februar 2020 klokka 20:00 på BygdahusetFramlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 5. februar.Endeleg saksliste blir publisert på denne sida innan 12. februar.Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.Sak 1/2020: Val av 2 personer til å underskrive protokollSak 2/2020: Godkjenning av innkalling og saklisteSak 3/2020: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2019Sak 4/2020: Vedtak av budsjett for 2020Sak 5/2020: Vedtektsendring§7 RepresentantskapetTidligere tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. For kvart medlem skal det veljast ein personlig varamannNy tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. Det skal være 5 varamedlemmer til andelseigerane i B-gruppa.Sak 6/2020: Vedtektsendring§8 Møte i representantskapetTidligere tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 2/3 av representantane er tilstadesForslag til ny tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 1/2 av representantane er tilstadesSakSak 7/2020: Val av leiar for RepresentantskapetSak 8/2020: Val av styremedlemmer og varamennSak 9/2020: Val av Styreleiar og nestleiarSak 10/2020: Val av revisorarSak 11/2020: Val av nytt medlem i valnemdaMe treng minimum 8 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.Morten SvandalLeiar RepresentantskapetTelefon: 952 07 657E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Det blir årsmøte i Imsland grendautvalg torsdag 5 mars 2020 kl.19.30 på bygdahuset SakslisteSak 1: Godkjenning av saksliste og innkallingSak 2: Valg av møteleiarSak 3: Valg av 2 til å skrive under møteprotokollSak 4: Godkjenning av årsmeldingSak 5: Godkjenning av regnskapSak 6: Valg av 2 nye styremedlemmerSak 7: Innkomne saker/YmseStyret må ha innkomne saker seinast 14 dager før årsmøte Styret i Imsland grendautvalg
Det vert halde årsmøte i representantskapet for året 2017 på Bygdahuset onsdag 28. februar klokka 19.30I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:
1. Årsmelding og reknskap2. Framlegg til budsjett for komande år.3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.5. Val av revisorar6. Andre saker som står på saklista.
Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende seinast 2 veker før møtet.Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.
Sverre Hustveit leiar i representantskapet. – Tlf. 47269900, epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 22. februar kl. 19.00.Saksliste:1. Godkjenning av innkalling og saksliste2. Val av møteleiar3. Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar4. Årsmelding5. Rekneskap6. Innkomne saker7. Val8. YmseInnkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar Hanne E. Imsland, nestleiar Ann Helen Olsen, kasserar Berit Haugland, sekretær Anette Klungtveit, styremedlemmer Ann Kristin Eikeland, Kristin Schibevaag og Anette Haraldseid.
Vel møtt!Grendautvalet
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus tysdag 03.02.2015 kl. 19.00.
Saksliste:
Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar: Sølvi Staurland, nestleiar Berit Haugland, kasserar: Ann Kristin Eikeland, sekretær: Hanne E. Imsland, styremedlem: Margunn Fjetland, Anette Klungtveit og Ann Helen Olsen. Det blir noko å bita i.
Vel møtt!
Til lag og organisasjoner i Imsland:
Velkommen frå din forening til orienteringsmøte
Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.Då treng me DEG med på lag!Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19.
Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspiratorv/ Elisabeth Nesheim E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Imsland sokneråd har mottatt informasjon om at avdøde Arne Døske har testamentert kr 200.000,- til Imsland kyrkje og kr 200.000,- til Imsland bedehus. Pengane skal setjast på konto og avkastninga brukast til vedlikehald av kyrkja og av bedehuset.Arne Døske er son av Syvert og Anna Døske som dreiv butikk ved Imslandsjøen fram til 1970-talet. Han vart gift med Inger, og som nygift bygde han og foreldra ny tomannsbustad ved Imslandsjøen med butikklokale i kjellaren. Begge borna, Syvert og Christine er fødde her. Ekteskapet vart oppløyst og familien flytta frå bygda. Arne reiste tidleg til sjøss og arbeidde som stuert heile livet. Han døydde siste nyttårsafta på tur med hurtigruta, kor han tidlegare hadde jobba i fleire år. Han budde nå i Haugesund. Nyleg gav han også ein million til Redningsselskapet.Imsland sokneråd vil på vegne av soknet takka Arne Døske og familien for denne fine gåva og lyser fred over hans minne.
Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store møtte opp for å prøva isen, dei fleste hadde skøyter - og dei aller sprekaste hadde seg ein real hockeykamp. FAU selde pølser, kake og varm saft. Det var rett og slett ein triveleg dag!
Klikk på LES MEIR-knappen for å sjå fleire bilete
FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små
Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store, unge og gamle prøvde isen - dei fleste hadde skøyter - og dei sprekaste tok seg ein real ishockeykamp. FAU selde varm saft, pølser og kake og det var rett og slett ein triveleg dag!
Fire hesteførarar møtte til kanefart på søndag: Tjerand og Ola frå Vikedal, Jostein Veim fra Tysvær og Anita Øvregård frå Imsland.
Vindafjord IL stiller i år eige stafettlag i NM på ski. Laget består av Thomas Vestbø som startar, Gerhard Steinnes og Jarle Nordtveit Åsheim utgjer resten av laget.
Løpet går av stabelen søndag 29. januar, med start 13.45
Lykke til Jarle og VIL!
Eit av slagorda til Sauda skisenter er at "Snøen er for alle!", eit motto 4H-arane gjerne stiller seg bak . Laurdag 28. januar var det skidag i Hauk 4H, og medlemane kunne velje om dei ville reise til Svandal og køyre slalom, eller skitur på Fjellstøl. Her ser du bilete av alpingjengen:
Søndag 29. januar skal det vere kanefart rundt Ølmedalsvatnet. Start ved bygdahuset ca klokka 12.00. Møt opp så er du kanskje heldig og får sitje på i ein av sledane? Eller du kan gå på ski! Arrangørane har avtalt med brøytemannskapet at vegen ikkje skal brøytast i full bredde på søndag. Bilistar vert oppfordra til å køyre forsiktig og ta hensyn til følgjet. Eller aller helst: å la bilen stå i tidsrommet mellom klokka 12.00 - 14.00
Arrangørane oppfordrar alle som har hest og slede til å delta!
Arrangør: Sauda og omland dølahestlag
PS: Værforbehold! For å gjennomføre arrangementet er ein avhengig av meir snø.
Kontaktperson: Anita Øvregård, 97 11 81 77
Laurdag 28.januar blir det skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i Hauk 4H. Juniorane får også tilbod om å reisa til Svandal denne dagen, så her er det berre å velge og vrake:-) Me møtest på bygdahuset klokka 11.30 og kjører samla til Fjellstøl. Bodil og Edvind blir med som "reiseleiarar", men me håpar mange foreldre og sysken blir med slik at me får ein koseleg familiedag i snøen. Me går ein runde i lysløypa (ikkje langt!) før me rastar utanfor eller inni varmestova (alt etter ver og temperatur). Etterpå kan dei som vil kosa seg i skiløypene. Ta med ski, niste, varm drikke og godt humør. Kle deg godt! Gi beskjed til Bodil (99025829) innan torsdag om du blir med, slik at me kan ordna skyss til alle. Me treng nok fleire sjåførar, så det er flott om fleire foreldre (og sysken) hiv seg med! Bli med då vel, me tek ut så sant det er snø å gå på;-) Helsing Bodil (mobil 99025829) og Edvind.
Jarle Nordtveit Åsheim fekk 2 tredjeplassar i kretsmeisterskapen på ski sist helg i Sirdal. Ragnhild Aarekol (11år) imponerte og med to 2. plassar.
I alt deltok 9 stk frå Vindafjord IL i meisterskapen som gjekk av stabelen på Feed Skiarena på Tonstad. Flott innsats!!!!
Det skal vera seniortreff for Vikedal og Imsland tysdag 18.januar klokka 14:00 på Bygdahuset i Vikedal.
Betasuppe, kaffi, kaker og drøs.
Lysbilde og kåseri ved Peder LundegårdSong og musikk ved Syng og SpelOpplesingLoddsal og trekking
Påmelding innan 12. januar til 52760420 (Ruth) eller 93457261 (Ingebjørg).Gratis adgang - alle er hjerteleg velkomne!
Helsing Vikedal Husmorlag
Skidagen til 4H vart ein triveleg familidag med kos og moro på isen på Ølmedalsvatnet. - Været var ikkje heilt på vår side, men det var mildt så me koste oss på isen me som møtte, seier 4H-rådgjevar Torunn Imsland.
På programmet stod ein liten felles skitur, bygging av snømann, aking, og kos rundt bålet med kakao og mandariner før dagen vart runda med ein spennende stafett under mottoet Tap og vinn med samme sinn.
Fellestur over isen
Ei engasjert gruppe har lenge arbeida for å realisera idrettshall for Vikedal, Imsland og Sandeid. - No er det endelig klart for å setja i gang, seier Nils Erik Eide, som er ein av eldsjelene bak prosjektet.
Vasslekkasjen på Bygdahuset i vinter gjorde skader på golv og vegger i gangen og i garderoben. Det førte til reperasjonar og eit større opp-pussingsprosjekt som inneber at byslaget, gangen, garderoben og trapperommet til salen oppe no vert fornya.
Besøk nettsida til naboane våre på Ropeidhalvøyna og les kva dei skriv om landemerket "på andra sida": Frå Dubai til Grytenuten
Utsikt frå Grytenuten til Imsland
imsland.info ynskjer lesarar og alle andre eit retteleg godt nytt år!
Me minner og om tevlinga "Kva skjer i Imsland i 2010?". Ny frist for å senda inn svar er søndag 3. januar 2010.
Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716
(c) 2022 Imsland