Ølmedal Rundt 29.mai 2023
- Detaljar
- Skriven av Bente
Me vil igjen ønskja velkommen til Ølmedal Rundt, eit av dei eldste og mest tradisjonsrike mosjonsløpa i vår region. Som alltid blir løpet arrangert 2.pinsedag.
Valg av sokneråd
- Detaljar
- Skriven av Bente
Hausten 2023 skal det veljast nytt sokneråd. Valnemnda treng kandidater til lista innan 31.mars, og lurer på om det er nokon som kan tenkja seg å stilla? Ta eventuelt kontakt med Marita Staurland, tlf 904 71 616
Helsing Soknerådet i Imsland
Årsmøte 2023 i representantskapet i Imsland Bygdahus S/A
- Detaljar
- Skriven av Morten Svandal
Torsdag 23. februar 2023 klokka 20:00 på Bygdahuset
Link til oppdatert sakliste HER
Bygdemøte og årsmøte Imsland Grendautval
- Detaljar
- Skriven av Gudrun Margrete Dyrseth
Tid: 14.02.23. kl. 19.00.
Sted: Imsland Bygdahus.
o Opning ved styreleiar.
o Informasjon om prosjektet Gode VIB`ar.
o Ordførar Ole Johan Vierdal fortel om saker som er aktuelle for oss som Vindafjordingar og Imslandsbu.
o Årsmøte.
Sakliste, årsmelding og annan informasjon til årsmøtet kan lesast HER
Innkalling til årsmøte 2023 i representantskapet i Imsland Bygdahus S/A
- Detaljar
- Skriven av Morten Svandal
Torsdag 23. februar 2023 klokka 20:00 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 9. februar.
Dersom det blir endringer i saksliste blir dette publisert på denne sida innan 16. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.
Foreløpig saksliste:
Sak 1/2023: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2023: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2023: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2022
Sak 4/2023: Vedtak av budsjett for 2023
Sak 5/2023: Val av leiar for Representantskapet
Sak 6/2023: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 7/2023: Val av Styreleiar og nestleiar
Sak 8/2023: Val av revisorar
Sak 9/2023: Val av nytt medlem i valnemda
Me treng minimum 6 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.
Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.