Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Nokon kallar seg heilag
medan andre ropar bedrag.
Men eg?
Jo...eg plar handla på Imsland Handelslag.

av Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge

Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge har laga ein versjon av den kjende Sveio-visa Kråkevisa.

- Eg interesserer meg for folkemusikk og lokalhistorie, seier Sorg, Ølmedalsgut og musikar med platekontrakt i eit stort selskap i Tyskland.
Sorg var Årets «band» i det største musikkmagasinet Scream i 2008, og fekk terningkast 6.
Sorg si Kråkevise, der han forøvrig spelar alle instrumenta sjølv, kan du høyre her.

{mp3}kraakevise{/mp3}

Her finn du svar på årets rebus og nokre blinkskot frå feiringen i Imsland:

Som ein del av trusopplæringa har sokneråda i Vindafjord sett i gong ein dåpsskule for 6- og 7-åringane i kommunen. Dåpsskulen er kalla "Den store skattejakta" og er leia av Berit Stople og Lillian Eikeland. I  Imsland har dei hatt 4 samlingar i kyrkje og bedehus, og avslutninga vart lagt til familiegudstenesta 14. april.

Edvard Imsand er med i radioprogrammet Naturens verden, som var sendt i dag tidleg. Du kan høyra programmet her: http://radio.nrk.no/serie/naturens-verden/dvna02000913/03-03-2013

Edvard er med frå ca 13.35 minutt ut i programmet.

Ølmedal rundt vart i dag arrangert for 25.gong, og i overkant av 800 stk deltok i løpet, fordelt på 67 i barneløpet, 606 i mosjonsklassen og 138 i aktiv klasse (35 i dameklassen og 103 i herreklassen).

Eit perfekt turvær med sol, ca 20 grader og ein lett bris var ramma i dag. Folk storkoste seg utandørs i god og triveleg drøs med grillmat, kaffi og kaker etter å ha mosjonert den 7 km lange løypa rundt vakre og frodige Ølmedal.

Stian Vestbø frå Sandeid/ Haugesund hadde dagens raskaste bein og kom i mål på tida 21.55, rett før Vikedalsbuen Ragnar Stølsmark, på tida 22.04. Vigdis Holst frå Skjold vann dameklassen, slik ho har gjort dei siste 4 åra. I år vart tida hennar 25.48.

Tore Imsland var den raskaste av Imslandbuen i år, og kom i mål på tida 28.58, men blei slått av Kjell Ove Imsland, som fekk tida 28.42. Espen Nordtveit sprang på 29.25, Håvard Ersland på 31.14, Torjus Imsland fekk tida 33.20, Emil Haugland Rønnevik 33.38, Gro Anita Aarthun Imsland 34.23 og Torbjørn Mo sprang på 34.40. Gratulerar med innsatsen sprekingar!!

Fullstendig resultatliste finn du HER.

Lars Olav Larsen, VIL, er eldsjela bak Ølmedal rundt-løpet. Han har vore med frå starten og har dei seinare åra fått med seg ein stabil og god arrangementkomite. Lars Olav og gjengen gjer ein kjempejob, - la oss håpa dei held ei stund til!

Imsland bygdahus har og ein god gjeng i sving denne dagen, som står for sal av kaffi, kaker, sveler, brus og rømmegraut, i tillegg til rydding og vask av huset i etterkant.

Tekst og foto: Bente Kjos-Wenjum
Bildebehandling og tilrettelegging: Lars B Skipevåg

http://www.youtube.com/watch?v=kx2aqsGpn7Q

No er det nymerka løype frå rasteplassen ovanfor Krutle opp Stubakken til Tjort. Sist eg gjekk turen møtte eg denne karen og som de ser har han sekken full av nymåla merkepinnar. Og det er ikkje første gongen Lars Staurland merkar opp løypene for oss!

Turen til Tjort (688 moh) er ein av "kommune-turane" i år. Du brukar ca 1,5 time opp, og terrenget må vel seiast å vera forholdsvis bratt. Flott utsikt på toppen!


Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716