Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Ølmedal rundt vart i dag arrangert for 25.gong, og i overkant av 800 stk deltok i løpet, fordelt på 67 i barneløpet, 606 i mosjonsklassen og 138 i aktiv klasse (35 i dameklassen og 103 i herreklassen).

Eit perfekt turvær med sol, ca 20 grader og ein lett bris var ramma i dag. Folk storkoste seg utandørs i god og triveleg drøs med grillmat, kaffi og kaker etter å ha mosjonert den 7 km lange løypa rundt vakre og frodige Ølmedal.

Stian Vestbø frå Sandeid/ Haugesund hadde dagens raskaste bein og kom i mål på tida 21.55, rett før Vikedalsbuen Ragnar Stølsmark, på tida 22.04. Vigdis Holst frå Skjold vann dameklassen, slik ho har gjort dei siste 4 åra. I år vart tida hennar 25.48.

Tore Imsland var den raskaste av Imslandbuen i år, og kom i mål på tida 28.58, men blei slått av Kjell Ove Imsland, som fekk tida 28.42. Espen Nordtveit sprang på 29.25, Håvard Ersland på 31.14, Torjus Imsland fekk tida 33.20, Emil Haugland Rønnevik 33.38, Gro Anita Aarthun Imsland 34.23 og Torbjørn Mo sprang på 34.40. Gratulerar med innsatsen sprekingar!!

Fullstendig resultatliste finn du HER.

Lars Olav Larsen, VIL, er eldsjela bak Ølmedal rundt-løpet. Han har vore med frå starten og har dei seinare åra fått med seg ein stabil og god arrangementkomite. Lars Olav og gjengen gjer ein kjempejob, - la oss håpa dei held ei stund til!

Imsland bygdahus har og ein god gjeng i sving denne dagen, som står for sal av kaffi, kaker, sveler, brus og rømmegraut, i tillegg til rydding og vask av huset i etterkant.

Tekst og foto: Bente Kjos-Wenjum
Bildebehandling og tilrettelegging: Lars B Skipevåg

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716