Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


På Frønsdal Gard i Ølen kan ein prøve seg på ulike aktivitetar. 30 klubbmedlemar frå Imsland besøkte garden i mai.

Etter ein kikk i stallen, vart me fordelte rundt på ulike aktivitetar. Me  fekk prøva oss på hesteryggen og me lærte korleis me skal te oss i ein kano.

Frønsdal

I skogsløypa fekk me testa vennskap og samhaldet oss imellom. Kan eg stola på venen min? Det lurte dei fleste på då dei vart blinda og skulle ta seg gjennom ei ulendt skogsløype – der berre munnlige tips og kommandoar frå Den Sjåande Venen fortalde dei kor det var trygt å ferdast.

Kvelden vart avslutta i lavoen med grilling og kos. Det var ein fin klubb-kveld!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716