Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Ho er inne i sitt andre år ved idrettslinja på Sauda vidaregåande  skule, er avløysar i helgene og har volleyball som hobby. Den siste dyrkar  ho ikkje berre som ivrig spelar sjølv, men og som trenar. Då volleyballglade  imslandsjenter i fjor haust spurte om  ho ville vera trenaren deira, tok Therese  Kvaløy (17) på seg oppdraget. Som alle  idrettsfolk er ikkje ho den som fortel  om seg sjølv i lange setningar, men ein ting kjem tydeleg fram – Therese likar aktivitet og å sjå at det  ho gjer gjev resultat.


Korleis er det å  vera trenar, Therese?

Eg synes det er  kjekt å vera trenar, og det er kjekt  å sjå korleis jentene utviklar seg.  Det som er vanskelig som volleyballtrenar  er å finna gode øvingar som passar  til alle.  

Kor gamle er jentene du trenar?


Dei er frå 5. til  9.klasse. Det er mellom 10-12 stk som er  på treninga. Volleyballaget har ikkje noko  namn ennå, så langt har eg ikkje  tenkt. Treninga er kvar tysdag frå 18.15  -19.45. Jentene blei inspirerte av mødrene  sine som går på dametrening og tykkjer  volleyball er knall kjekt. Eg trur det var  derfor dei spurte meg om å trena  dei.

Er de med på kampar?

Me er ikkje med på kampar ennå, men eg får sjå.  

Kor lenge vil du  halda på som trenar for jentelaget?
Det veit eg ikkje.  Det får me sjå på. Eg har halvtanna  år igjen på vidaregåande, men etterpå  kjem eg mest sannsynleg å flytta ein  annan stad. Eg veit ikkje kor ennå,  sidan eg har ennå ikkje bestemt meg  for kva eg vil gjera vidare. Samstundes  vil eg sjå om jentene vil trena meir teknikk og samspel. Det er viktig  for at treninga skal halda fram.

Kva vil du bli?


Det veit eg faktisk  ikkje. Eg går på idrettsline fordi det  er veldig kjekt. Men har ingen konkrete  framtidsplanar med sport. Det er berre  veldig kjekt å vera i aktivitet. Eg  brukar desse åra på skulen for å  finna ut kva eg vil gjera vidare.  Samstundes får eg generell studiekompetanse.  Eg trur at dersom eg hadde gått  på allmenn, hadde det vore kjedelig og  spørs om eg hadde klart å motivera  meg.  

Du seier du jobbar  som avløysar. Kva gjer du med denne  ekstra inntekta? Ikkje for å grava, men  eg lurer berre på om det er noko  spesielt du sparer til eller ønskjer  å kjøpa....

Nei, eg sparar ikkje,  men det er kjekt å ha eigne pengar.

Kva gjer du elles  på fritida?

Eg er med på volleyballtrening for damer etter eg er ferdig med trenarjobben. Elles er eg ilag med vener og gjer skulearbeid{#emotions_dlg.smile}.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716