Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Det var mange som gapte av forundring då Tomas Finnvik gjekk på scenen under premieren av julerevyen i Vikedal sist helg. Jubling og latter frå publikum var å høyra gjennom heile sketsjen. Den nye rolla til imslandsbuen var så uventa, at me beint fram må spørje han om dette overraskande opptrinnet i rampelyset.

Tekst: Aureilja Hustveit
Foto: Grethe Hopland Ravn, Grannar

Det eg lurer på er lik den tanken eg hadde i hovudet mitt då eg såg deg på scenen;  - korleis kom du på å vera med på revyen i Vikedal? Det var veldig kjekt og utruleg å sjå deg på scenen den kvelden.

- Eg kom nok ikkje på det sjølv. Skulda legg eg på Svein Bjarte Holten. Om det var hans påfunn, eller om han var talsmann for ”revygjengen” i Vikedal, veit eg ikkje, men eg hallar nok helst til at det var fleire som stod bak. Det var i alle fall han som lokka meg oppi det.
Då han spurde om eg kunne tenkja meg å vera med og laga ei lokal utgåve av
Senkveld, hadde eg ikkje sett eit einaste av desse programma. Eg visste såleis ikkje kva eg gjekk til. Sidan har eg fått greie på at dei er svært populære.
No har eg brukt eit par seine fredagskveldar på dei, og må nok vedgå at vår versjon ikkje kan mæla seg med originalen. Det kan ein vel heller ikkje venta når programleiarane er av ”førkrigsmodell”, og i tillegg manglar medieutdanning.

Du lagde sketsjen i lag med Harald Hundseid. Kva var det som førte til dette samarbeidet? Er de gamle kjenningar? Har de samarbeidd i liknande opplegg før?

- Kvifor Harald Hundseid som medspelar? Dette var det også andre som hadde pønska ut, sikkert særleg fordi me hadde førenamn som passa så bra. Eg kjenner elles Harald som ein triveleg kar, som eg ikkje hadde det minste imot å vera i lag med.

Kor kom ideen til å intervjua ein lokal politikar på scenen frå? Kvifor akkurat Olav Eikeland?

Olav Eikeland var det og andre som hadde valt. Han høyrer heller ikkje til dei som folk ventar å finna på ein revyscene. Eit hovudpoeng i å få oss tre med, var nok overraskingsmomentet. Det hadde dei ein viss suksess med. I alle fall var reaksjonen frå salen nærast overveldande då me entra scenen.



.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716