Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Overskriftsbokstavane på framsida til VG blir større og feitare for kvar veka med den nye influensaen og meiningane om den nye sjukdomen blant vanlege folk svingar frå dødsfrykt til fullstendig avslappa haldning.
Ein ting er å høyra om sjukdomen frå dei som møter grisen berre i grillpølseformat. Ein heilt annan ting er å slå av ein prat om dette med ein som dagleg blir helsa av grynting frå dei svoltne trutane. Koss går det med grise- og sauebonden Egil Schibevåg desse dagane?

  • Går berre godt, - seier Egil og byr på ein kopp kokekaffi.

Du blei ikkje sjuk av svineinfluensa, du som har alle dei grisane?

  • Eg, nei! Verken eg eller grisane har vore sjuke. Grisane mine er aldri sjuke.

Men dei har jo funne viruset i ei grisebesetning i Vindafjord...

  • Jo, det er hjå meg det. Trudde du visste det, vel. Men dei fann påvist viruset i gamle blodprøver som blei tatt den 1.september. Me sendar inn blodprøver frå grisar to gonger i året. Det er ein heilt vanleg rutine. Men det er ikkje alltid Mattilsynet har tid til å sjekka alle prøvene med det same. Då frys dei blodprøvene ned og tek dei opp når dei har tid. Svaret på blodprøvene frå mine grisar fekk eg først sist torsdag.

Kva var svaret?

  • Det har vore svineinfluensavirus i dei. Hadde dei funne dette med det same, hadde dei heilt sikkert slakta heile besetninga. Men nå blei alt dei meinte om fenomenet snudd på hovudet. Då den første besetninga med svineinfluensaen i Noreg blei oppdaga, blei det bestemt å slakta alle grisane der. Men her går eg to-tre månader i fjoset kvar einaste dag utan at det skjer noko. Viss du les på framsida til VG står det kanskje med svære bokstavar at ein gut døydde av svineinfluensa. Inne i avisa les du at den guten feila mange andre ting i tillegg. Skal du tru på det dei snakkar i nyheitene, då....

Men tilbake til prøvene. Blei du pålagt nokre spesielle restriksjonar i høve til svineinfluensaviruset?

  • Mattilsynet har teke nye prøver for å sjå om det ikkje hadde skjedd mutasjonar av viruset. Saka er at dei sjølv veit lite om dette. Nå vil dei sjå tilbake på andre prøver for å finna svaret på korleis det kan ha seg at viruset kan liggja i blodet hjå grisane utan at dei blir sjuke.

Kan du sjå på grisar at dei har influensa?

  • Jo, det viser jo seg med hoste og feber.

Og det har ikkje du observert hjå deg?

  • - Nei. Ante ingenting før eg fekk den telefonen frå Mattilsynet.

Så du stressa ikkje med  svineinfluensa, forstår eg?

  • - Må ikkje ofra det ein tankje! Viss det er eit virus så ordnar kroppen opp sjølv. Kroppen tilpassar seg. Så det er ikkje noko å tenkja på, - avrundar Egil.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716